Tok pulsen på Sogn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Redaktør: – Kommu- nismen lever i Sogn

Oleg Prokhorenko er til dagleg sjefsredaktør i nyheitsbyrået Vjatinfo i byen Kirov. I to veker har han hospitert i Sogn Avis. Som ein del av eit hospiteringsprogram i regi av NHO har Oleg Prokhorenko dei siste vekene vore i Sogn for å læra meir om korleis ei ekte norsk lokalavis blir til.

Ein del av det han har latt seg fascinera over er openheit og mangel på arroganse hos norske leiarar, låge fartsbøter, fast løn for journalistar, ulåste dører i norske heimar, Vinmonopolet og dei evinnelege tunnelane.

Hospitering
I 12 år har NHO hatt eit hospiteringsprogram med russarar i norske bedrifter. Deltakarane i det sokalla Presidentprogrammet må først ta eit masterprogram ved eit universitet, når eksamen er bestått har kandidatane høve til å søkje om hospitering i 12 ulike land, blant andre Tyskland, Nederland, Finland, Japan, Frankrike og Noreg.

NHO får om lag 150 søkjarar til 15 plassar kvart år.

I to veker har Oleg Prokhorenko vore på besøk hos oss i Sogn Avis, der han i tillegg til å få oppleva korleis ein lagar avis i vesle Noreg, har fått treft mange lokale krefter innan næringsliv, utdanning og kultur. Prokhorenko er imponert over måten han har blitt teken imot.

– I Noreg er det verkeleg slik at ein sjef er «først blant likemenn», seier Prokhorenko.

Han har vore på besøk hjå vegvesenet for å høyra om vegbygging, hjå HSF for å høyra om utdanning og utanlandske studentar og har vore med reportarar i Sogn Avis rundt på ulike oppdrag. Han fortel også om spanande besøk hjå fylkeskommunen, Nav, Fylkesmannen og Difi. Dette har gjeve han eit godt inntrykk om korleis ting står til i Noreg, tykkjer han.

Også vanlege folk har gjort inntrykk.

– Folk er ikkje pågåande, men er alltid klare til å hjelpa og snakkar alltid med meg når eg tar kontakt. Dei fortel gjerne kor vegen går, helst meir enn det eg eigentleg spurte om, seier Prokhorenko.

Sosiale problem
Oleg Prokhorenko er klar på at det må skje endringar i Russland skal ein nå den levestandarden som er i Noreg. Men han vil ikkje leggja all skuld på politikarane.

– Det viktigaste er ikkje det politiske systemet, men at folk får trua på at dei kan endra verda rundt seg, trur han.

I Russland har man kort forventa levealder, mennene lever ikkje eingong til pensjonsalderen, alkoholisme er eit stort problem sjølv om det heile tida er kampanjar for å få bukt med drikkinga. Kirov vart første region som forbaud å drikka på offentleg plass. Men alle tiltaka verkar å ha liten effekt.

I den samband har Prokhorenko sett seg inn i Vinmonopolet si historie. Forbodet mot alkoholreklame er også noko han har bite seg merke i.

– Det varmar sjela å sjå at det er meir fysisk aktivitet og mindre skadelege vanar her, seier han.

Pressefridom
I Russland er det færre og færre som kjøper aviser. I byen Kirov, som med sine 500. 000 innbyggjarar reknast for å vera ein liten by, står gratisavisene sterkt. Dei får til og med meir reklameinntekter enn TV, fortel Prokhorenko.

Når det gjeld pressefridom er det likevel ein fordel at avisene blir meir og meir marginale. TV blir sett på som å ha langt større påverkingskraft, difor er dei i avisene friare stilt til å skriva kva dei meiner. Alle dei store TV-kanalane er eigd av staten.

– I Kirov, mykje takka vera at guvernøren er liberal, noko som er eit unntak i Russland, har vi full fridom. Kva ein kan og ikkje kan skriva om er berre avgrensa av eigarane, seier Prokhorenko. Når eigaren er den lokale myndigheita sjølv, slik tilfellet er med Vjatinfo, nyheitsbyrået Prokhorenko jobbar i, kan det by på problem. Negativ omtale av guvernøren Nikita Belykh kjem ikkje på tale. Elles gjeld det berre å halda tunga beint i munnen når du omtalar faktaforhold, så kan du skriva meir eller mindre det du ønskjer. Før kunne det vera meir truslar, no blir dei fleste skandalane teke til retten.

– Du må spesielt vera forsiktig når du skriv om økonomiske tema, du må vera sikker på at du har bevis for det du skriv, elles kan du bli trekt for retten. Så skal det vera sagt at rettssystemet ikkje er heilt fritt det heller, men det er eit eige tema, seier Prokhorenko.

Trass alt vert guvernøren i Kirov, Nikita Belykh, sett på som liberal, noko utypisk for Russland. Medvedev ser nok på det som eit eksperiment for å sjå om slike idear har levegrunnlag i ein ikkje alt for stor eller rik region, trur Prokhorenko.

Guvernøren jobbar meir gjennomsiktig enn det som er vanleg, er tilgjengeleg på Twitter, Facebook, bloggar på nettet, og det er heile tida mogleg å stilla spørsmål.

– Mange meiner det er eit reint PR-stunt, men det er likevel uvanleg å ha maktpersonar som er sopass opne, seier Prokhorenko.

Internett er fullstendig fritt. Bloggarar har stor påverkingskraft og er dei som går føre og viser korleis vanlege borgarar kan organisera seg og stå imot makta.

Mangel på tiltru
Oleg Prokhorenko har latt seg imponera av det meste her i Noreg, men under press gir han si meining om kva vi kan forbetra her i landet.

– Ting er så på stell her at eg ikkje er den som skal gje råd, men de har berre to prosent arbeidslause her og kunne kanskje ha gått tyngre til verks mot dei som ikkje viser vilje til å jobba. De har ei veldig stor arbeidsledighetstrygd, om ein er overivrige til å hjelpa kan det òg få negative konsekvensar, seier han.

Prokhorenko meiner kommunismen lever i Noreg, om enn av litt andre grunnar enn ein kanskje skulle tru.

– Under sovjettida trong ein ikkje å låsa dørene. Det treng ikkje i Noreg den dag i dag, i allefall ikkje her i Sogn, seier han.

I Russland er det no jarndører i heimane og avanserte alarmsystem på bilane, sjølv på gamle vrak, fortel Prokhorenko, eit symbol på at folk har mista tiltru til kvarandre i det russiske samfunnet.

– Eg har to barn og det er grunnen til at eg ønskjer at samfunnet skal bli meir demokratisk. At me får velja presidenten og guvernøren vår sjølv, at dei ikkje blir valt for oss. At folk tar ansvar for eigne liv og engasjerer seg meir i det som skjer i samfunnet, at oljen ikkje blir brukt til å berika nokre få, men til å sikra framtida, seier Prokhorenko.

LES SAKA I SOGN AVIS!

Faktaboks

Oleg Prokhorenko har blogga frå tida i Sogn. Bloggen finn du her!