10.000 billettar rivne vekk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre fyrste timen påmeldinga var open hadde skarverennet.no over 100.000 sidetreff. I tillegg til dei 1.500 billettane som vart selt på tre minutt måndag vart ytterlegare 8.500 billettar rivne vekk tysdag.

Tysdag var det togbillettar frå Hallingdal til Finse og Haugastøl som var lagt ut for sal.

Heile 102.000 sidetreff fyrste timen gjorde at datasystemet rett og slett ikkje klarte å svelgje unna påmeldingane.

Mens ein god del kom igjennom og fekk meldt seg på var det mange som vart avbrotne mist i påmeldinga.

– Me måtte stoppe påmeldinga eit par timar for at dei som hadde begynt å registrere seg skulle få billettane sine, seier dagleg leiar i Geilo il, Roger Espeli.

Seinare på dagen vart linene oppe att, og det tok ikkje lang tid før alle billettane var tinga.

Har du prøvd å få tak i billett, men ikkje lykkast, er likevel ikkje alt håp ute.

Onsdag 5. oktober klokka 10 blir det lagt ut 1.200 billettar til rennet, men utan transport til Finse og Haugastøl.

1. desember blir dei resterande billettane lagt ut for deltakarar i konkurranseklassene.

Eit av verdas største skirenn går av stabelen 21. april 2012, med 12.220 deltakarar.

Du melder deg på rennet mellom Finse og Ustaoset på www.skarverennet.no.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!