Ivrigast på kultur i Europa

Berre islendingar er eit flittigare publikum enn nordmenn.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I løpet av eit år er det ein mykje større del nordmenn som har vore på kino, konsertar, museum og kunstutstillingar samanlikna med gjennomsnittet for 24 land i Europa. Dette viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

47 prosent av befolkninga i dei europeiske landa har vore på forestillingar med teater, konsertar, opera, ballett eller dans siste tolv månadene. I Noreg er det 63 prosent, medan 76 prosent av islendingane har vore publikum det siste året.

Unge mest ivrige
Det er unge som er dei mest ivrige på kultur. I gruppa 16 til 24 år er Europa-snittet på 63 prosent, og jamnare fordelt mellom landa. Noreg endar på 6. plass.

I Noreg er det gruppa 25 til 34 år som har vore mest på teater og konsert. 72 prosent har gjort det siste året.

Utdanning avgjer
Folk med høg inntekt og høg utdanning er oftare publikum enn folk med låg utdanning og låg løn.

Ingen andre land i Europa har større forskjell i kulturbruk mellom folk med låg og høg utdanning. Minst forskjell er det i Estland og på Island. På Island har løn nesten ingenting å seia for forskjellar i kulturbruk.

Ivrige på historie og museum
Ser vi på delen som har vore på museum, utstillingar, historiske bygningar og ruinar eller arkeologiske utgravingar siste tolv månader, er snittet for alle landene 42 prosent. Her kjem Noreg på tredjeplass, bak Finland og Sverige.

Sit godt i kinosetet
Berre på Island og i Luxembourg og Danmark er det ein større del av innbyggjarane som har vore på kino det siste året enn i Noreg. Her til lands har 54 av alle nordmenn vore på kino. I Danmark er talet 60 prosent, medan 68 prosent av islendingane og luxembourgarane var på kino siste året.

Berre 31 prosent av innbyggjarane i Litauen hadde gått på kino i løpet av det siste året.

Kva meiner du skal til for at fleire skal få med seg kulturopplevingar?