Det Lange Museet

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

  Til den/dei det måtte gjelde: Forslag til framdrift i arbeidet med eit eventuelt nytt Munch-museum.

 Vi har gått gjennom arbeidet så langt, studert dei ulike posisjonane, og konkludert med at det er lite å hente på å halde fram arbeidet.

Vi foreslår derfor å gi opp.

 I staden anbefaler vi å straks begynne arbeidet med eit museum vigd til Marthe Lausund Langes liv og kunst.

 Det er viktig at Marthe Lausund Langes kunst får eit bygg og ei plassering som er Lausund Lange verdig, og som både viser fram kunsten hennar og det rike og kontrastfylte livet ho levde.

 For mange kan det kanskje verke tidlig å begynne dette arbeidet allereie no, sidan Marthe Lausund Lange enno ikkje er født. Vi kallar det proaktivt.

 Vi har vore i kontakt med foreldra Lise Lausund og Lars Lange. Dei ventar seg begge store ting av dottera. Viss det blir ei dotter. Det veit dei ikkje enno. Men dei kjenner begge på seg at dei kjem til å få ei jente og at ho kjem til å bli kunstnar. Begge foreldra arbeider innanfor kunstfeltet og har planar om å stimulere kunstinteressen til Marthe, eller Morten som Marthe trulig blir heitande dersom det blir ein gut.

 Her må ein berre ta ein sjanse på at Marthe blir ein stor kunstnar og at ho får ein posisjon i kunstverda som gjer at eit museum er heilt på sin plass. All erfaring med tilsvarande saker tilseier at det er viktig å sette av nok tid. Skal vi ha noko som helst slags håp om å ha eit museum klart til femtiårsdagen for Lausund Langes død, så må vi begynne arbeidet no. Sannsynligvis er vi allereie for seint ute, men det er viktig å sette seg ambisiøse mål.

 Den første fasen i arbeidet, som vi anbefaler å sette av førti år til, er arbeidet med å finne ut kvar museet skal ligge.

 Dette er ikkje lett, sidan vi ikkje veit kvar Marthe kjem til å busette seg. Foreldra bur no i Kragerø, men dei jobbar som sagt innanfor kunstfeltet, og det er ikkje godt å vite kva slike folk kan finne på. Dei kan skilje seg. Dei kan plutselig bestemme seg for å flytte til eit småbruk på Stange. Og Marthe kan sjølvsagt velje å bu ein heilt annan plass enn der ho vaks opp. Kanskje til og med i utlandet.

 Mange vil sikkert meine at dette gjer lokaliseringsdiskusjonen vanskeligare. Vi meiner tvert om at dette sikrar ein open og uhilda debatt.

 Vi foreslår å sette av åtte-ti år til at partia bruker saka til å markere sine særinteresser. Senterpartiet foreslår å legge museet kvar som helst, berre det er utanfor Oslo. Frp foreslår eit museum for gamle og sjuke i Spania. Høgre foreslår noko stort og tøft. Ap foreslår å legge museet i ein Ap-kommune der hjørnesteinsbedrifta nylig blei nedlagt fordi den produserte noko som ingen har kjøpt sidan sekstitalet. Osv.

 Så foreslår vi å utsetje saka ein del gonger, før en går for eit kompromiss.

For eksempel Brandbu.

 Korleis skal så bygget sjå ut? Her foreslår vi å gjennomføre ein stor arkitektkonkurranse, kåre ein vinnar og så ombestemme seg. Eventuelt kan riksantikvaren først seie at han ikkje liker bygningar som ser rare ut, og så kan nokre gråhåra kunstinteresserte kommentatorar latterliggjere vår provinsielle hang til å bygge noko som ser stort og skinande ut.

 Så kan ein bestemme seg for å i staden bruke eit ikkje spesielt skinande bygg som allereie står der. Så kan dei same kunstkommentatorane seie noko om kor dårlig vi behandlar kunsten i dette landet.

 Og så kan ein bestemme seg for å bygge noko nytt likevel, som alle kritiserer, heilt til bygget står der, då synest alle det ser fantastisk ut.  

Så kan ein, for å gjere det litt meir spennande, blande inn ein skjenkedebatt, der dei som driv restauranten i museet truar med å seie opp kontrakten fordi kommunen forandrar skjenketidene heile tida.

 Og då skulle vi vere i mål. Dette burde ikkje ta meir enn hundreogtjue år.

 Om det så skulle vise seg at Marthe Lausund Lange ikkje blir kunstnar, så har vi då eit stort og fint bygg som vi kan bruke til kva vi vil. Vi foreslår å diskutere bruken av dette huset i ca ein generasjon før ein bestemmer seg for å la det bli eit nasjonalt museum som viser fram dei beste og lengste norske debattane om skjenking og plassering av høge hus.     

 

Stod på trykk i Aftenposten 30. september