Rekordlåg rente i Lånekassen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Frå 1. oktober er det muleg å binde studielånet til ein rentesats som er lågare enn den flytande renta.Fastrentesatsane vil vere på 2,673 prosent for tre år, 2,869 prosent for fem år og 3,357 prosent for ti års bindingstid. Den flytande renta på studielånet vil vere på 3,260 prosent ut året.

Det betyr at ein frå månadsskiftet kan få den lågaste fastrente i Lånekassen nokon gong.

– For første gong i historia kan ein binde studielånet til renter på under tre prosent for tre år og fem år. Samtidig er tiårsrenta på nivå med den flytande renta, seier fungerande informasjonsdirektør i Lånekassen, Solbjørg Sørensen. Siste frist for dei rundt 350.000 lånekassekundane til å binde renta på studielånet er 12. oktober. NPK