Filmfest med blikket mot sør

Trekk inn i kinomørket og få kjensla av varmare strok.

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmfest med blikket mot sør

I ti dagar kvar haust får publikum i Oslo tilbodet om opne augene litt ekstra for resten av verda. Under festivalen Film frå Sør blir det vist film frå Asia, Afrika, Midt-Austen og Latin-Amerika på kinoar over heile byen.

– Vi ønskjer å bryte ned førestellinga om at det berre er i USA at ein kan lage film som underheld. Dei gode historiene og det høge tempoet finn ein i film også utanfor Vesten, fortel kunstnarisk leiar Lasse Skagen.

LES MEIR: Verdas viktigaste filmar

Film fra Sør blei starta av filminteresserte studentar frå Blindern og blir i år arrangert for 21. gong frå 6. til 16. oktober. I år får Midt-Austen ein litt spesiell plass i programmet, med den libanesiske opningsfilmen Where do we go now?. Filmen er ein komedie om ein konflikt mellom kristne og muslimar i ein liten landsby i Libanon.

Fotball, animasjon og afghansk skating.
Med rundt 100 filmar på programmet, i tillegg til debattar og andre kulturkonsept, er det mykje å velje i for publikum. Festivalsjef Skagen klarer likevel å anbefale tre filmar:

– Filmen Brother frå Venezuela handlar om dei to unge brørne Julio og Daniel som lever for fotball. Draumen er å bli profesjonell fotballspelar med ein av verdas farligaste byar Caracas som bakteppe.

Eller kva med ein afghansk skatefilm? Skateistan: Four wheels and a board in Kabul, viser korleis firehjul og eit rullebrett hjelper barn i krigsherja Kabul på rett veg i livet.

I tillegg er den japanske animasjonsfilmen Arrietta er ein film til å bli skikkeleg gla i, ifølgje Skagen

LES MEIR: Unge filmskaparar fram i lyset

– Alle desse tre filmane spelar på ulike strenger. Både i det alvorlige og i det reine og deilig underhaldande. seier festivalsjefen, og lovar i same slengen publikum opplevingar spekka med både spenning, humor, romantikk og politikk.

———————————————————————————————

VINN TO FESTIVALKORT, VESKER OG BUTTONS TIL FILM FRÅ SØR!

Gå inn på facebooksida vår og lik lenkja til denne saka, så er du med i trekninga. Konkurransen varer fram til tysdag 4/10 kl.17, då trekk vi ein vinnar.  Om du ikkje skal til Oslo under festivalen kan premien kanskje vere ei gåve til nokon du kjenner?