Unge filmskaparar fram i lyset

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge film- skaparar fram i lyset

Bergen viste seg frå si beste side då festivalen Ung Film gjekk av stabelen torsdag, og bada Verftet i gyllen kveldssol. Unge filmskaparar, både lokale og internasjonale, fekk sjansen til å vise talentane sine på visningar og workshops, og dessutan skaffe seg ny kunnskap frå innhenta bransjementorer som Florent Tillon og Gunnar Vikane, i fire dagar til ende.

Ingen bergensstudentar
Fleire av dei hittil ukjende og meir omtalte filmane vart kjelder til både latter og ettertanke blant publikum, blant anna svenskproduserte «In a Future Age» og norske Annalise Wimmers animasjonsmeisterverk «Grub», som forresten vann prisen for «Beste filmen» under årets festival. Prisbelønte filmar som «Papegøye» av Marius Loftum, og årets Amandusfavoritt «Snøkulen» var òg blant årets godbitar.

Ingen av årets kortfilmar var laga av bergensstudenter, og festivalsjefen, som sjølv studerer medievitenskap ved Universitetet i Bergen, håpar Ung Film kan vere med på å styrkja filmskaparmiljøet blant bergensstudentane.

LES SISTE FILMNYTT HER!

– Kanskje dei treng ein liten dytt i rett retning. Mange trur festivalen, namnet teke i betraktning, berre er for born og «ung ungdom», men dette er ikkje tilfelle. Vi presenterer filmar og tilbod i alle sjangrar og for alle aldrar, siar festivalsjef Carina Thornes.

Trampeklapp til skifilm
Storebroren «til festivalen», Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF), kan bli arenaen til framtida for filmtalentene, og presseansvarlig i BIFF, Ole-Morten Algerøy, ser på Ung Film som eit viktig prosjekt å løfte unge filmskaparar frami ljoset.

– Ung Film kan absolutt vere eit springbrett for talentfulle filmentusiaster, ikkje minst for å skaffe seg eit nettverk både med kvarandre og innover i bransjen, meiner han.

Arrangørane kan vise til eit stadig større besøkstall, eit program som breier seg utover dei norske grensene og over eit stadig større kvalitetsspekter. Premieren til laurdagen på Andreas Johannesens skifilm «På Veg» fylte kinosalen og vart lønna med trampeklapp.

Veks
I tillegg til kortfilmane vart det halde visning av musikkvideoar laga av norsk ungdom til låtar av blant anna Lars Vaular og Kakkmaddafakka. Musikkvideo-workshopen i samarbeid med bergensbandet Forza og regissør Kristian Berg resulterte i ein rykande fersk musikkvideopremiere sundag. Carina Thornes meiner både festivalen og norsk kortfilm er kome til Bergen for å bli.

– Folk er ikkje lenger redde for norsk film. Festivalen veks frå år til år, og det same gjer responsen frå bransje og publikum, noko som er utruleg inspirerande for oss, fortel festivalsjefen.

LES SAKA I STUDVEST (på bokmål)!

Sjå Snøkulen her!

Sjå Papegøye her:

 

Sjå ein forkorta utgåve av Grub her:

"Grub" 2010 (Extract) from Annalise Wimmer on Vimeo.

Faktaboks

Ung Film blei starta i 2009 og blir i dag drive sjølvstendig av unge, frivillige filmentusiaster.

Presenterte i år 30 kortfilmar i alle sjangrar, laga av ungdom fra alle verdshjørner i alderen 12-25 år.

Arrangerer også workshops og kurs under festivalen, med temaene dokumentar-, skatefilm- og musikkvideoproduksjon, manus og regi og casting.