Meir nynorsk i salmeboka

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir nynorsk i salmeboka

Av 915 norske salmar er 561 på bokmål og 354 på nynorsk. Nynorskprosenten blir med det på 38,7 prosent og dermed høgare enn i førre utgåve av Norsk Salmebok frå 1984, skriv avisa Vårt Land.

LES MEIR: Nynorsk på frammarsj i Afrika

Tre songar på dialekt får også plass i den nye salmeboka. Dei utvalde er Velsigna du dag over fjordan (Trygve Hoff), Nå har vi vaske golvet (Alf Prøysen) og Du låg og skalv av angst på kne (Bjørn Eidsvåg).

– Den nye salmeboka har myke større sjangerbreidde enn tidlegare salmebøker. Her er det gospelsongar, moderne lovsongar, spirituals,og andre songar frå kyrkje verda over, seier Vidar Kristensen, prosjektleiar for den nye salmeboka, til Vårt Land. 

Eit fleirtal i Kyrkjerådet ønskjer i tillegg at «Til ungdommen» – som fekk ei sentral rolle i sorgarbeidet etter terrortragedien – skal kome med i den nye salmeboka.

LES MEIR: Historia bak «Til ungdommen»

– Dette handlar ikkje om å ta songen ut av ein kontekst og sette den inn i ein ny. Tvert imot tolkar eg det slik at tida etter 22. juli viste oss behovet for eit større vi. Eit vi som handlar om at sjølv om vi møtest på kvarandres arenaer, så har vi nokre uttrykk vi kan dele. Det oppstod eit fellesskap der vi delte. Vi tek ikkje «Til ungdommen» inn i salmeboka for å monopolisere songen, men for å vise at vi kan dele med kvarandre, sa saksordførar Kristin Gunleiksrud i eit møte i Kyrkjerådet 28.september.

Den nye salmeboka skal bli vedteken på Kyrkjemøtet i april 2012. Den norske kyrkja vil ta i bruk salmeboka 1. søndag i advent 2013.