Her er den ekte DJ Dan

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er den ekte DJ Dan

DJ Thomas Giebelhausen tek heile DJ Dan-parodien med stoisk ro. Han har vore lenge i gamet. Men klart han lurte litt då folk begynte å ringe og sende meldingar om at dei hadde sett han på TV.

Komikar Morten Ramm laga parodien DJ Dan i programmet «Torsdag kveld i Nydalen». Og mange kjende straks att noko i stilen hans. Det kunne minne om ein viss DJ på Stavkroa i Hemsedal.

DJ DAN vart superpopulær over natta og har frekventert på TV, VG lista og andre stader i sommar.

Og noko av populariteten har dryssa over på Thomas. Han har hatt ein travel sommar og har vore med på mykje. Slottsfestivalen, Sommerfesten til P4, filmpremiere og mykje anna. Han har hatt ein fire-fem spelejobbar i veka i sommar.

– Dei slenger jo pengar etter meg. Eg blir jo litt hore, då. Luksushore, påpeikar han med eit smil.

Thomas er DJ-en som rular musikken for fleire hundre menneske under afterski på Stavkroa i vintersesongen. Og han er av den gode, gamle typen. Snakkar gjerne mykje i mikrofonen. Om det er for å piffe opp stemninga, hylle ein artist eller rett og slett setje urokråker på golvet litt på plass.

– Eg har vore DJ i 30 år. Eg er vaksen og veit kva eg gjer – og kva eg vil. At eg er vorten parodiert er berre artig. Ei positiv greie. Det er ikkje meint for å drite meg ut, seier Thomas og ristar litt på det halvlange, blonde håret.

Den lange, smale kroppen ristar litt i etterdønningane, og han tek eit djupt drag av sigaretten.

Komikaren Morten Ramm frå TV2-programmet «Torsdag kveld i Nydalen» var på hytteferie i Hemsedal og på afterski på Stavkroa då han kjende att DJ-en frå sin barndomsby Tønsberg. Resten av ferien bytta han og kameratane på å vere DJ bak kjøkkenbenken på hytta. Til slutt hamna parodien på TV2. Med stor suksess. Og media fann fram til inspirasjonskjelda i Hemsedal.

– Men eg er glad eg er 44 år og kan takle media og passe på kva eg seier, blunkar Thomas.

SKIBRILLER og skiklede er bytta ut med designerjeans og kule solbriller i sommar.

For Thomas er det ikkje tilfeldig kva han har på seg. Han er litt av ein jålebukk, ifølgje seg sjølv. Til og med gullsko har han. Og ingen av skoa har den minste ymt til nedtrakka hæl. Dei ser rett og slett splitter nye ut alle saman.

– Har du alltid nye sko?

– Nei, men alltid nyvaska sko.

Men hugs at eg har legger, lår og rygg som er øydelagd etter ti år i cowboyboots. Då må ein ha gode sko, understrekar han. Når Thomas får besøk og dei får sjå skostativet, lurer besøket på kor mange som bur i leilegheita. Thomas har nemleg skodilla, og solbrilledilla, jakkedilla og beltedilla. Men han har slett ikkje dilla på musikk. Om nokon skulle tru det. Sjølv om han er ein ekte DJ. Heime høyrer han lite på musikk. Det får han nok av på jobben.

Thomas kom til Hemsedal for å jobbe som servitør i 1991 og vart verande i fire sesongar. Han var DJ før han kom til fjells, men sette att platene etter å ha spelt nyttårsaftan i Tønsberg. I Hemsedal ville han prøve noko anna. Men året etter var han bartender – og DJ att, på Stavkroa. Gamal vane er vond å vende. På den tida var det lys lilla skibukse og lillablå anorakk i skinn. Sponsa av Missing link. I dag har han italienske designerjeans produsert i avgrensa opplag.

THOMAS har vore i restaurantbransjen sidan han starta på den gamle roklubben «Sjøormen» i Tønsberg.

Jobba i garderoben, i cover, rydda og gjorde det meste frå han var 13. Platespeling starta han med då han var 14. Undervegs har han drive fleire utestader, vore innom snikkaryrket og jobba på meieri, men stadig attende til restaurantbransjen og DJ-yrket.

I 2006 fekk han tilbod om å kome til Hemsedal for å vere DJ att. På gamle trakter. Han kom 3. juledag.

– Midt i festen – som ikkje er ferdig før i mai, fortel han.

Stavkroa vart snart fylt til trengsel av fargerike menneske som feira skigleda til musikken frå DJ Gibel.

– Full rulle frå dag fem eller seks. Her er det potensial, tenkte eg.

Året etter vart alt ombygd, og Stavkroa har slått fast sin status som ein av dei populære afterski-stadene i fjellbygda. 44-åringen tek snart fatt på sin sjette sesong på rad. No vil eit kamerateam bli med han på fyrste afterski-en i vinter. Kanskje vil også DJ Dan dukke opp i lag med Dj Gibel på afterski på Stavkroa. – Eit kamerateam skal lage filmserie i Hemsedal til vinteren og følgje fleire som bur og jobbar i bygda, fortel han.

«TORE TANG, ein gammal mann», kan ein godt få høyre medan ein dansar på bordet på Stavkroa.

Thomas er glad i norsk og svensk musikk og spelar gjerne det på afterski. Han ser an folka og les publikum. Veit kva dei vil ha, men spelar slett ikkje for ungdommane som tykkjer det som kom ut i går er gamalt.

Thomas synest det er gøy med seint 80- og tidleg 90-tals musikk.

– Eg er ingen trendy DJ. Eg lagar fest, eg. Det er jo litt småharry det me driv med her oppe. Men så får ein vel ikkje danse på bordet nokon annan stad heller. Ein kjem i alle fall ikkje unna Jahn Teigen og Marius Müller. Morten Abel, Baba Nation og Dum Dum Boys. Eg spelar gjerne musikk frå heile Norge. Men D.D.E. får vere i fred. Det viktigaste er å få folk ut av døra med eit smil kring munnen og ei dame i armen. Då kjem dei smilande attende neste gong, ler han.

Privat kan Thomas gjerne høyre Elton John.

– Eg er nok ein mjuk mann. Kjempemjuk. Svak for balladar og romantiske komediar.

– Kva med Hellbillies?

– Det er for ei aldersgruppe me ikkje har på Stavkroa. Men Hemsedal Cafe-systemet har hatt dei på scena, fortel han og vrir seg i stolen.

Rastlausheita sit i kroppen på DJ-en. Den får han god bruk for når sesongen startar og det er fest onsdag til sundag.

– Eg jobbar jo ni timar i veka for ei middels god månadsløn, sukkar han teatralsk, og legg til at dei driv med ekstremsport innan restaurantbransjen.

– Men eg gler meg like mykje. Har verdas beste jobb, gliser han og tenner ein ny røyk.

Og legg til at det er litt slitsamt med all den uoppdregne ungdommen. Dritungane. Då blir han litt nazi frå diskjockey-boksen.

– Eg held dei litt i øyra og er raskt på mikrofonen om nokon køddar. Dei skal ikkje få øydelegge festen for andre. Då blir det «walk of shame» på veg ut. Nokre wannabee-kjendisar frå Paradise Hotell måtte gjere det i vinter. Til ståande applaus, nikkar han og blæs ut røyken.

LES MEIR: Målungdom rosar Paradise Hotel

LES SAKA I HALLINGDØLEN