Studerar 34 timar i veka

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Norske heiltidsstudentar arbeider i snitt 34 timar i veka med studia. Det er omtrent det same som i Frankrike og Sverige, og litt lågare enn i Nederland, Danmark og Finland viser undersøking.

Undersøkinga, som er gjennomført av Statistisk sentralbyrå (SSB), viser elles at dei fleste norske studentane arbeider ved sida av studia. Til saman brukar heiltidsstudentane rundt 43 timar i veka på studium og inntektsgjevande arbeid. Deltidsstudentar brukar til samanlikning i snitt 18 timar i veka på studium.

– Dette avkreftar myten om at norske studentar studerer for lite. Studentane har ein arbeidsinnsats som overstig 40 timar i veka fordelt på studium og jobb. Det meiner eg gjer dei godt førebudde på arbeidslivet, seier statsråd for forsking og høgare utdanning Tora Aasland. ©NPK