Får strålande kritikkar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Helga Flatland (27) kan puste ut. Bok nummer to; «Alle vil hjem. Ingen vil tilbake» har blitt helsa velkomen med superlativ av bokmeldarane:  «Flatland med elegant oppfølger til debuten», skriv Cathrine Krøger i Dagbladet. «Jeg tror Vesaas ville gledet seg over å lese de to første bøkene til unge Flatland», fylgjer Helge Ottesen i Varden opp, og gjev boka terningkast fem.  Sjølv innrømmer forfattaren frå Flatdal at ventetida frå boksleppet til dei fyrste kritikkane er lang. Og tidvis vond.

 – Det er heilt forferdeleg å vente på. Det har kjentes som eit vakuum. No er eg veldig letta. Mange seier dei ikkje bryr seg om kritikkane. Men sjølv om det er ei subjektiv melding, så har bokmeldarane stor makt, og ei god melding kan få fleire til å lese boka. Slik sett er det viktig, seier Flatland til VTB.

 – Men tilbakemeldingane frå dei vanlege lesarane betyr meir, understrekar ho. – Korleis har det vore denne gong samanlikna med debutromanen? – Det har vore mykje verre. Då eg skreiv den fyrste boka hadde eg ingen forventningar, og var glad om nokon ville melde boka mi. Etter merksemda etter debuten, visste eg neste bok kom til å bli meldt, og eg var heilt klart meir nervøs.  Å fylgje opp ein suksess er vanskeleg anten ein er kunstnar, musikar eller idrettsutøvar. For forfattarane er det ikkje noko unntak.  

– Det har ikkje vore vanskelegare å skrive, men eg har følt forventningspresset i større grad, seier ho.   

På turné
 Dei siste tri vekene har Helga Flatland, saman med fire andre forfattarar, farta Noreg rundt. Forlaga Aschehoug og Cappelen Damm har samarbeidd om ein turné der dei har presentert haustens bokgodbitar for bokbransjen.

 – Det har vore utruleg moro, seier Flatland.  Debutromanen «Bli hvis du kan. Reis hvis du må» hausta strålande kritikkar då boka kom i januar i fjor. Helga Flatland blei heidra med Tarjei Vesaas’ debutantpris, Ungdommens kritikarpris og Aschehougs debutantpris for romanen.  «Alle vil hjem. Ingen vil tilbake» er ein uavhengig oppfylgjar og tek for seg tilhøyre, identitet og avgjerande val i livet. Den fyrste boka tok utgangspunkt i tri unge barndomsvener og avgjerda om å verve seg til dei norske styrkane i Afghanistan. Ingen av dei kom tilbake. I den ferske boka handlar det om dei etterlatte, fortalt gjennom stemmene til Julie, Sigurd og Mats.  Eit tema er forholdet mellom by og bygd, og som i den fyrste boka vekslar Flatland mellom bokmål og nynorsk.

– For meg, som tospråkleg i både tekst og tale, var det naturleg å gjere det, seier Flatland.

– Visste du då du skreiv den fyrste boka at det kom til å bli ei bok nummer to? – Då eg sette endeleg punktum visste eg at eg ikkje var ferdig med dette universet, sjølv om det var naturleg å avslutte då. Eg hadde lyst til å skrive meir, og det tok ikkje lang tid før eg var i gang med drodlinga på ei ny bok, svarar ho.  Flatland avviser ikkje at det kan bli ei tredje bok frå same univers.

 – Eg føler meg ikkje ferdig, og har nok stoff til fleire bøker. Samstundes har eg også lyst til å skrive andre ting, seier Flatland. 

Skriv fritt
 – Korleis er skriveprosessen? – Mange har ei historie klar i hovudet fyrst. Eg byrjar å skrive og teksten lever sitt eige liv. Nokre punkt veit eg at eg skal innom, men eg skriv fritt. Så er det sjølvsagt dagar alt er kjempevanskeleg, og andre dagar det går lettare. Etter skrivinga er det ein del logikkarbeid. Alt må stemme, seier ho.  Ho har alltid vore interessert i å lese og skrive. På universitetet i Oslo tok ho bachelorgrad i nordisk språk og litteratur, og på tekstforfattarlina ved Westerdals school of Communication fekk ho teknisk skrivetrening og sjølvtillit til å vise tekstane til andre.  Til dagleg jobbar ho som tekstforfattar i kommunikasjonsbyrået Nucleus. Med bokskriving ved sidan av, har det blitt lite fritid. Utan at det plagar henne.  – For meg er det å skrive bøker førebels ikkje ein jobb, men ein fantastisk hobby, meiner ho.

Blir rørt
 Dagbladets bokmeldar samanlikar Flatland med den kritikarroste forfattaren Carl Frode Tiller, som også er eit av førebileta til flatdalsforfattaren.  – Det er utruleg smigrande og overveldande, men eg er ikkje heilt på hans nivå enno, seier Flatland med eit smil.

 – Kva les du sjølv? – Eg er ikkje veldig forfattarorientert, heller bokorientert. Akkurat no held eg på med ei bok av Nicole Krauss som verkar bra. Det er god research og inspirasjon å lese andres bøker, meiner ho.  Mange gjev tilbakemeldingar etter å ha lese bøkene. Det kjem helsingar både via telefon, mail og Facebook.

 – Hender det du må klype deg litt i armen? – Eg klyp meg i armen iblant av tanken på at folk les bøkene mine. Det er uverkeleg og rart å tenkje på. Det at folk søkjer opp namnet mitt på Gule sider og sender meldingar er rørande. Eg er glad for at bøkene har slått ann så breitt, frå unge i 16-17-årsalderen til 70-80-åringar, seier 27-åringen. «For å kunne kalle seg forfattar må ein ha gjeve ut minst to bøker av høg litterær kvalitet, så forfattar er eg ikkje enno. Men målet er å bli ein», sa Flatland til VTB etter debutromanen i fjor.

 – Så nå er du forfattar …? – Det sit langt inne å seie at eg er ein forfattar, men per definisjon er eg vel det, avsluttar Flatland med eit smil.