Ha ha ha. Det er mykje rart i kommune-Norge. Eg ler og eg ler.

mm

Alle veit jo at det er mykje rart i kommune-Norge. Ikkje minst i tida etter eit val, når det skal  forhandlast om posisjonar og verv. Då skjer det så mykje rart at det berre er å lene seg tilbake, klaske seg på låra og le. Og le og le. Og le.

Dei siste dagane har vi mellom anna høyrt om Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Der fekk Ap 43,5 prosent av stemmene, gjekk fram med over ti prosentpoeng og er to og ein halv gong så store som dei neststørste partia. Senterpartiet gjekk tilbake med 7,4 prosentpoeng. Kven fekk ordføraren? Senterpartiet.

Ha ha!

Eller kva med denne? I Odda stemte 11,5 prosent på ytre-venstre-partiet Raudt, som så gjekk av stad og støtta Høgre sin ordførarkandidat.

Ha ha ha!!

I Hamar har Venstre vore delt i ordførarforhandlingane. Det er godt gjort når du berre har fire prosents oppslutning.

Det er liksom ikkje måte på!

Og i Sandnes blei Høgre klart største parti med 30% av stemmene, ein framgang på 7,3 prosentpoeng. Derfor mista dei naturligvis ordføraren. Ordførarvervet blir overtatt av ein mann frå det tredje største partiet Ap, som gjekk litt tilbake i valet. Som om ikkje dette var nok, så heiter den nye ordføraren Wirak. Det er sant!!

Eg ler og eg ler.

Men dette er ikkje alt. På ingen måte:

I Lurven kommune gjekk Høgre fram med nesten førti prosentpoeng og har no ei oppslutning på 83%. Ap gjekk litt tilbake og har no 16,3%. Ordførarvervet gjekk til KrF.

I Lørten kommune har alle partia blitt samde om å spørje ordføraren i nabokommunen Lurven om ho har lyst til å styre begge kommunane, sidan det ikkje er nokon i Lørten som har særlig lyst.

I Berven kommune har Demokratene og Raudt inngått ein intensjonsavtale om å stemme mot alt dei neste fire åra, i protest mot at nesten ingen stemte på dei i valet. Dette får neppe store konsekvensar, sidan dei to partia gjorde det såpass dårlig i valet at ingen av dei kom inn i kommunestyret.

Ha ha ha ha!

I Bervøy kommune har Venstre fått både ordføraren og varaordføraren, som plaster på såret etter eit veldig dårlig val. Den avtroppande ordføraren, som representerer det åtte gonger så store Arbeidarpartiet, stadfestar at det var rein medynk som som gjorde at Venstre fekk toppverva:

– Vi hadde vondt av dei. Ein gong var Venstre eit parti å rekne med i kommunen vår, men no er det nesten ingen som stemmer på dei. Alle partia var samde om at vi måtte gjere noko for å muntre dei opp. Frp føreslo først ein blomsterbukett. Men då KrF føreslo at Venstre skulle få ordføraren, var det ståande applaus. Og ein viss lettelse, det skal innrømmast. Vi andre har jo prøvd å vere ordførarar og veit kor kjedelig det er. Det kostar oss så lite å gi sjefsjobben til Venstres toppkandidat. Og så er det jo litt artig at han heiter Wirrwarr.

I Lefsen kommune har det største partiet Frp bytta bort ordførarvervet mot leiarvervet i helsekomiteen og gratisbillettar til alle heimekampane i fotball.

I Slefsen kommune har ordføraren bytta bort kua og fått fela igjen. Opposisjonen reagerer kraftig på dette, og fryktar at ordføraren vil dra fram fela og begynne å spele under kommunestyremøta igjen, slik han gjorde heile tida i perioden 2003-2007, før han etter tungt tverrpolitisk press bytta bort fela og fekk denne kua.

– Dei fire åra frå 2003 til 2007 var eit samanhengande felehelvete, seier opposisjonsleiaren.

– Då har det trass alt vore lettare å akseptere at ordføraren har hatt med seg ei ku på alle kommunestyremøta dei siste fire åra. Det er også rart, men det er i alle fall betre enn den evinnelige felegnikkinga.

Opposisjonsleiaren seier han gjerne ville støtta ein annan ordførarkandidat, om det ikkje var for at partiet til ordføraren har nesten åtti prosent av stemmene.

– Personlig forstår eg ikkje at folk kan finne på å stemme på ein felespelar som heiter Wasekopp.

Ha ha ha.

Og dette er heller ikkje alt. Absolutt ikkje. Berre høyr:

I Norge sitt to av dei minste partia i regjering, til tross for at det eine er i ferd med å forsvinne, og ser det som heilt nødvendig at den nye leiaren tek avstand frå ideologien partiet bygger på.

Og før denne regjeringa tok over, var Norge styrt av berre små parti.

Og det er heller ikkje alt! Det er liksom ikkje måte på. Høyr her:

At dei to største partia skal samarbeide, det er tydeligvis heeeeilt utenkelig.

Ja, det er mykje rart.

Denne artikkelen stod først på trykk i Aftenposten 24. september.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

Kommentarar

ANNONSE