Jostedalen er bygda med skiføre heile året, fjellsider heilt utan spor og nokon å ringe åt om ein vil flytte dit.

Marit Aakre Tennø var ei av dei som valde bygda med 424 innbyggjarar, mange aktivitetar og den mektige Jostedalsbreen.  

– Vi flytta ikkje frå Oslo fordi vi trur det er ille for ungane å vekse opp der. Det var oss vaksne som hadde mest lyst til å flytte ut frå byen – til gode høve til skikøyring for eksempel, seier Marit.

Ho er dagleg leiar i tilflyttingsprosjektet i dalen, og ynskjer folk velkomne på vitjing, test og fest. Frå 2008 har det vorte 25 nye innbyggjarar.  

Spesiell
– Jaja vi kan jo flytte til Sogn og Fjordane, sa vi til kvarandre. Eg og mannen min har jobba i Fjærland, men har elles ikkje tilknyting til fylket. Så fekk mannen min jobb i Gaupne, slik vart det Luster. Vi ville vera endå nærare fjella, og så fløtte vi opp i Jostedalen, fortel Marit.

Ho meiner Jostedalen er ei spesiell bygd, på grunn av friluftsmiljøet, det aktive sosiale livet og takhøgda.

– Jostedølane er kjekke, greie og veldig inkluderande. Med breføringa har det i fleire tiår kome spesielle folk frå innland og utland, og det trur eg har gjort bygda meir tolerant enn mange andre små bygder, fortel Marit.

Berre skikøyrarar?
Jostedalen er dalen der fritid er skitid, og er rekna for å vera ein av dei mest snørike områda i landet. Det er det skiføre frå oktober til april, men utan skitrekk og store hyttefelt. Her går ein på topptur, og har dalsida for seg sjølv.

– Det bur masse folk her som ikkje er på fjellet. Nokon likar best å gå på asfalt. Men Jostedalen er ikkje plassen å bu, dersom det kjekkaste ein veit er shopping, seier Marit.

Tek telefonen
Mange drøymer kanskje om å flytte ut i distriktet. Marit trur val av bygd kan handle litt om tilfeldigheitar. At ein har positive assosiasjonar til bygda, vert møtt, eller berre har nokon å ringe til.

I Jostedalen er Marit, personen ein kan stille 1000 spørsmål. Ho kan kanskje hjelpe med hus og jobb, og ho kan fortelje kva ein gjer på fredagskvelden – ein går på pub på hotellet.

– Vi var ein del som ville gjere noko, og så kom tilflyttingsprosjektet i gang sumaren 2008. Vi fekk inspirasjon frå andre tilflyttingsprosjekt, men ville gjere ting annleis og på vår måte, fortel Marit.   Seinare kom midlar, brefestival og innflyttarar. Jostedal.no vart lansert og prosjektet har jobba med å få fleire hus til sals.

Åtgaum
Utan å bruke ei krone på marknadsføring, har tilflyttingsprosjektet fått store avisoppslag. Det dei alltid spør om, er bakdelane med å bu i bygda.

– Det når ikkje heilt opp på familievenleg skogssyskling, og eg saknar litt det å kunne sykle i marka. Elles saknar eg ingenting, ein kan jo heilt fint reise på dagstur til Oslo for eksempel, seier Marit. 

Forankringa
– Vi er eit lite tilflyttingsprosjekt, med færre midlar enn mange tilsvarande prosjekt. Eg trur suksessen ligg i at vi er tenkt ut og drive frå Jostedalen, ikkje frå kommunesenteret i Luster eller fylkesadministrasjonen, fortel prosjektleiar Marit.

Nett det med lokal forankring er rekna som eit suksesskriterium for dei mange tilflyttingsprosjekta rundt om i landet.

– Generelt ser vi, at forankring, felles mål og langsiktig perspektiv, gjev større sjanse for å lukkast med prosjekt. Men vi veit ikkje nok om resultata åt alle tilflyttingsprosjekta rundt om i landet. Det forklarer Marianne Solbakken i Distriktssenteret, som arbeider med tilflytting.

– Det er veldig mange mobiliseringsprosjekt rundt om i heile landet. Dei gjer mange spanande til for å rekruttere nye innbyggjarar, og vi trur det er viktig å overføre kunnskap mellom desse, seier Marianne.

Også i Jostedalen er et heilt klart kva som er viktig.

– Kva vil folk i bygda med prosjektet? De lyt vi alltid ta utgangspunkt i, avsluttar Marit Aakre Tennø.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE