Klar, ferdig, film
Ungdom får tilbod om filmverkstad.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ungdommane ved fritidsklubben Public i Ølen kan nå få laga sin eigen film. I samarbeid med profesjonelle filmskaparar blir det i haust arrangert filmverkstad i klubblokalet.
Gjennom seks samlingar fram mot jul på fritidsklubben Public i Ølen kan ungdom mellom 13 og 18 år delta i alle fasane i ein filmproduksjon, og det heile startar torsdag kveld. Her får dei unge utvikla sitt eige filmmanus og sjølve stå for filming og redigering fram til det har blitt ein ferdig film.
Filmverkstaden er open for alle interesserte ungdommar, og det er ikkje nødvendig å kunna noko om filmproduksjon frå før. I samarbeid med profesjonelle filmskaparar frå haugesundsfirmaet Genesis Film blir det gitt grunnleggande opplæring i alle delar av prosessen med å laga film.
– Opplegget er veldig praktisk orientert gjennom at ungdommane lærer undervegs, fortel filmmentor Solveig Arnesen frå Genesis Film.
Talentsatsing
Tidlegare har ho og kollega Skjalg Molvær halde mange liknande kurs i Vindafjord og mange andre kommunar på Haugalandet gjennom Den kulturelle skulesekken.
Nå er også fleire fritidsklubbar involvert i satsinga på film gjennom prosjektet «Filmtalenter» som starta i 2009 initiert av Haugaland Vekst og støtta med 800.000 kroner av Kommunal- og regionaldepartementet. Grunntanken bak prosjektet er å legga til rette for at ungdom som er interessert i film skal kunna arbeida med å laga film både i skuletida og på fritida. Seks filmverkstader har blitt etablert som følgje av denne satsinga, og i tillegg til Public i Vindafjord har også fritidsklubbar i Tysvær, Haugesund, Bokn og Utsira blitt utstyrt med filmutstyr.
– Me har god erfaring med filmkurs på Hemmingstad kultursenter i Haugesund, og nå ønskjer me å få fleire fritidsklubbar med, seier Arnesen.
Læring i fokus
Dei unge står fritt i kva type film dei vil laga. Ein treng ikkje laga ei fiksjonsforteljing, men like gjerne ein dokumentar om noko ein er opptatt av. Det er likevel viktig at prosjektet er muleg å gjennomføra.
– Prosessen med å læra å laga film er det som er i fokus her, og me legg derfor ikkje så mykje vekt på om ikkje alt blir heilt optimalt i det ferdige produktet, forklarar filmmentoren.
Klubbleiar Helge Kallevik ved Public ser fram til å få filmaktivitet i fritidsklubben.
– Film er kjekt, og er ein fin måte som ungdommane kan bruka kreativiteten sin på. Her kan dei fortelja om ting som opptar dei og interesser dei har, eller dei kan rett og slett laga noko morosamt. Det er berre fantasien som set grenser for kva dei kan få til, smiler Kallevik.