– Unge i frontlina for fridom

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Visste du at 21. september er den internasjonalen fredsdagen? Denne dagen blir markert verda rundt ved at menneske forpliktar seg til ikkje-vald og harmoni blant alle folk og nasjonar.

– Demokrati er ein kjerneverdi i FN. Det er avgjerande for menneskerettar. Det gjev kanalar for å løyse skilnader. Det gjev håp til dei marginaliserte og makt til folket. bMen demokrati skjer ikkje berre, det må få næring og forsvarast, seier Ban Ki-Moon, generalsekretær i FN.

– I år har unge menneske vore i frontlinjene for fridom. Eg heidrar aktivistar og vanlege folk for motet deira og vilje til å byggje ei betre framtid, seier han vidare til un.org.

Vinn krigen mot krig
Krigen i Afghanistan og Libya er mest kjent i Noreg. Men i dag er det over 40 krigar og væpna konliktar verda over.

Talet på drepne i konfliktar rundt i verda er lågare no enn tidleg på 90-talet. Ikkje sidan 1989 har talet på drepne i einsidige åtak, til dømes gjennom folkemord, vore så lågt som i 2008 – ifølgje tal frå Uppsala-universitetet.

I boka Winning the War on War påpeikar Joshua A. Goldstein at talet på krigar krigar er dlande og at talet på drepne er 75 prosent lågare enn 30 år tidlegare.

QUIZ: Prøv krigsquizen vår og fredsprisquizen vår!

– Me fryktar at terrorisme kan øydeleggja ein by, men me fryktar ikkje at krig skal øydelleggja heile verda vår, skriv han på Salon.com.

I USA går debatten om FN, og dei konservative i "Tea Party"-rørsla vil minska rolla til verdsorganisasjonen.

Goldstein vedkjenner at FN har problem, men spør retorisk om ikkje bør byrja med spørsmålet "går ting betre eller verre"? Svaret hans er at ikkje på over 100 år har verda vore så fredfull som no.

Kva er fred for deg?

Faktaboks

globalis.no og på Uppsala Universitet sin database kan du lesa meir om dei pågåande konfliktane i verda.