Framtidas skulevalkamp

Anders Linga
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtidas skule- valkamp

Skulevalkampen i år vart annleis enn det som har vore vanleg. Alle ungdomspartia var samde om at ein ikkje skulle arrangera dei tradisjonelle skuledebattane, men berre ha standar på skulane, såkalla valtorg.

Med rammene som var rundt årets valkamp var dette etter mitt syn det einaste riktige å gjera. Derimot overraskar det meg litt at dei aller fleste tek det for gitt at ein om to år skal gå attende til dei gamle skuledebattane. Det kan godt hende at dette er den beste løysinga, men eg meiner at det uansett er lurt å tenkja seg om to gongar før dette vert bestemt.

For all del, eg er ingen motstandar av skuledebattane. Dei har absolutt sine fordeler. Til dømes er det ofte lett å sjå skilnadene mellom partia i slike debattar. Eg trur også all argumentasjon har godt av å møta motargumentasjon, noko ein får i stort monn i skuledebattar. Det har likevel vore tendensar, i alle fall i enkelte debattar, til at dei politiske diskusjonane sklir ut og vert meir underhaldande enn lærerike og engasjerande for elevane. Mange unnskylder seg med at ein må snakka til ungdom på ein frisk måte for å nå fram, noko eg ikkje nødvendigvis er usamd i, men eg meiner at den stilen som enkelte legg opp til er å ikkje ta ungdoms kunnskapsnivå og engasjement på alvor i det heile tatt.

Fordelen med valtorga, slik eg ser det, er at der får ein tid til å gå grundigare inn i sakene og argumentasjonen enn ved ein rein paneldebatt. I tillegg kan kvar enkelt elev få svar på det ho/han lurer på, i staden for det me som ungdomspolitikarar trur ho/han er oppteken av. Bakdelen med slike torg er sjølvsagt at ein alltid vil få sjå dei gode sidene til kvart enkelt parti, utan at argumentasjonen nokon gang møter motbør. Dette kan føra til at partia virkar veldig like, og at det er lett å lova vekk ting ein ikkje nødvendigvis har dekning for.

Mi meining er at dersom ein klarar å få til ein seriøs og god form på skuledebattane, er det den beste løysinga også i framtida. Dersom skuledebattar betyr mykje sirkus og lite brød, meiner eg derimot at valtorga godt kan få halda fram også i 2013. Det viktigaste er tross alt kva elevane får mest ut av, ikkje kva me som ungdomspolitikarar tykkjer er gøyast.

LES OGSÅ: Vervar fleire tusen på valtorg