Danse sjølv om hjartet brest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utveksling og radio
Er Säkert! eit band eller ein artist? Litt usikkert. På plate og konsert er dei eit band – men Annika Norlin er kvinna bak. Det er ho som skriv tekstene og musikken. Ein kan seie at Säkert! er Annika, pluss eit band.
Det første albumet til Säkert! kom ut i 2007, men den musikalske karrieren til Annika Norlin starta lenge før det. Norlin er fødd i 1977 i Östersund i Sverige. Før ho begynte som plateartist, jobba ho som journalist både i aviser og radio. Ho var blant anna programleiar i svensk P3, ein jobb ho heldt på fram til 2008.

Då Annika var tenåring, var ho utvekslingsstudent i USA i eitt år. Ho budde i Willimantic, ein by i den nordaustlege delen av USA. Det var mykje gatevald i Willimantic, og ein kunne ikkje gå ute åleine om kveldane. Derfor fanst ei taxiteneste for ungdommar, kalla «Saferide» (trygg skyss). Då Annika på 2000-talet starta opp som engelskspråkleg musikar, kalla ho seg for Hello Saferide. Debutalbumet heitte Introducing … Hello Saferide (2005). Songen Highschool Stalker vart litt av ein Internett-hit.

Prisar her og der
To år seinare var Annika i gang med eit nytt prosjekt, denne gongen med tekster på svensk. Ho kalla seg Säkert! (eit ironisk utrop, på same måte som «særleg!» i Noreg). Førstealbumet, som også heitte Säkert!, fekk mykje positiv merksemd. Annika vann musikkprisen Grammis både for Årets kvinnelege artist og Årets tekstforfattar, og fleire av singlane vart spelte mykje på P3. Hitlåten Logiskt, av den svenske rapparen Petter, bruker eit sample frå Säkert! sin song Någon gong måste du bli själv.

Trass i dei svenske tekstene har Säkert! opplevd suksess også utanfor Skandinavia. I 2008 vart førstealbumet lansert i Japan! Men same år kom eit nytt engelskspråkleg album ut. More Modern Short Stories From Hello Saferide førte også til prisar. Annika fekk nok ein Grammis for Årets tekstforfattar, og dessutan ein pris av Magasinet Novell, for å vere ein musikar som fortel gode historier. Hello Saferide står altså ikkje i skuggen av Säkert!, sjølv om prosjektet er mindre kjent i Noreg. I 2010 vart Hello Saferide invitert av Simpsons-skaparen Matt Groening til å delta på All Tomorrows Parties-festivalen i England.

Oppover
Hausten 2010 kom Säkert! sitt andre album, Facit. Det fekk gode kritikkar og mykje radiospeling – blant anna har songen Dansa, fastän rulla på norske radioar i sommar. Med andre ord er det all grunn til å tru at Annika Norlin vil plukke med seg nokre Grammis også når rekneskapen for 2010 skal gjerast opp. Ho og bandet har spelt ein del konsertar i løpet av 2011, blant anna under Øyafestivalen. Säkert! er både store og små på same tid, dei spelar for folkemengder på 300 og 10 000. Ifølgje Annika Norlin er det både fint og forvirrande.

Säkert! har som nemnt fans utanfor Skandinavia. Annika bestemte seg derfor for å prøve å omsetje nokre av Säkert!-tekstene til engelsk. Men det skal vere snakk om ei nesten direkte omsetjing, slik at ein kan merke både det svenske og det engelske språket i tekstene. Albumet På engelska vart sleppt blant anna i USA, Tyskland og Sverige i august

Denne artikkelen stod først på trykk i Norsk Barneblad.