mm

– Vi har hatt jamn auke i søkjartalet sidan 2004, med eit markert hopp dei tre siste åra, seier dagleg leiar av folkehøgskolerådet Odd Arild Netland til Nationen.

Linjer med idretts- og friluftsliv er særleg populære. Det same er kreative linjer og eigne backpackarlinjer.

Jotunheimen Folkehøgskole i Vågå har no søkt om å få bli den 79. folkehøgskulen i Noreg, ifølgje avisa. Dei ønskjer å vitalisere regionen og skape eit spennande tilbod for ungdommar frå heile landet. Planen er å bruke Jotunheimen og andre fjellområde til opplæring i blant anna redningsarbeid. (©NPK)

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE