Espen Andre Kristiansen (Ap) fekk til og med støtte av Pensjonistpartiet.

mm

Med sine 25 år blir den nye Åmot-ordføraren landets yngste. Men han er ikkje uerfaren. Han byrja i ungdomsrådet i Åmot, gjekk vidare til Ungdommens fylkesting i Hedmark og har sete ein periode i kommunestyret før.

– Eg håpar ein kan koma vekk frå den aldersgreia, og heller snakka om politikken og det som er viktig, seier han til NRK Hedmark og Oppland.

I Sogn og Fjordane er det òg ein 25-åring som blir ordførar. Ole Gunnar Krakhellen (H) tek over ordførarkjedet i Solund. Sidan han var 16 år har han vore politisk aktiv, først i Ungdomsrådet i 2002 og seinast dei siste fire åra har han vore på Fylkestinget for Høgre, melder NRK Sogn og Fjordane.

QUIZ: Kva veit du om lokaldemokratiet?

Sjå video-innslag frå NRK under:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE