Han vart kjendis etter å ha budd eitt år ute på Frønningen og levd av det han fann i naturen. No vedgår han å ha bløffa.

Sogn Avis
Sogn Avis

– Eg er lei for det, seier Kristoffer Clausen til Dagbladet.

I eitt år frå 1. august 2009 skulle han bu utandørs på Frønningen og livberga seg på det naturen kunne gje av mat. No innrømmer han å ha lurt publikummet sitt.

I Sverige på hotell
Til Dagbladet stadfestar Clausen mellom anna at han i august var i Sverige og budde på hotell, medan han ifølgje bloggen var på reinsdyrjakt.

Han var på revejakt i Sverige i februar–mars 2010, medan det på bloggen stod han hadde meir eller mindre låg i dvale og hadde rolege dagar i skogen. I april var han i Halden, medan det på bloggen stod at han hadde lite mat og mellom anna åt tang.

I mai var han i Sverige for å gå på jakt. Då fekk han bot på grensa sidan han ikkje hadde tollklarert våpenet sitt.

Medan han var på Frønningen, skal han ha budd på ei hytte ein månads tid.

"Årets villmarking"
– Eg står inne for det eg har gjort. Men det er ein del ting som eg har gjort som ikkje står i boka og som ikkje har stått nokon annan stad, sier Clausen.

Han opplyser at Sverige-turane gjorde han mellom anna for å besøka ein sjuk slektning.

Kristoffer Clausen har selt over 10.000 eksemplar av boka "En vill mann", og dokumentaren "Villmann" vart vist på TV2 og gitt ut på DVD. Claussen vart kåra til "Årets villmarking" på Villmarksmessa i år.

LES SAKA I SOG AVIS!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE