22. juli gav lita valmobilisering

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

22. juli gav lita valmobil- isering

Årets kommuneval fekk ikkje den massemønstringa fleire spådde etter 22. juli.

Etter kvart som fleire og fleire stemmer vart telt opp, kraup også anslaget for valdeltakinga oppover. Då 98 prosent av stemmene i årets kommuneval var talde, var frammøtet 62,5 prosent. Det er 1,3 prosentpoeng føre valet i 2007, då 61,2 prosent av oss fann vegen til urnene. Det er også det beste sidan 1995.

Likevel ser det ikkje ut til at terroraksjonane i Oslo og på Utøya 22. juli har ført til ein kraftig oppsving i den demokratiske deltakinga til nordmenn. Medan teoriane om korleis stemmene ville fordele seg i kjølvatnet av terroren har vore delte, var det mange som forventa at deltakinga ville auke merkbart i valet seks veker seinare.

VALET MINUTT FOR MINUTT:  SLIK GJEKK DET!

I nokre meiningsmålingar har opptil 80 prosent svart at dei skal stemme. Og trass i at alle valekspertar er samde om at folk skryt på seg oppmøte ved valurnene, anslo valforskar Frank Aarebrot så seint som fredag at rundt 68 prosent ville møte opp.

Men denne mobiliseringa for meir demokrati ser altså ut til å ha blitt mykje svakare. Delen som møter opp den andre måndagen i september for å seie sitt om styre og stell i norske kommunar nådde ein tydeleg topp i 1963 med drygt 80 prosent.

Sidan har han falle nesten ubroten, og frammøtet på 59,3 prosent i 2003 var det svakaste sidan mellomkrigstida. 2007 viste dermed ei betring på nesten 2 prosentpoeng. I fylkestingsvalet er det 57,8 prosent som nytta stemmeretten denne gongen. (©NPK)

Kvifor trur du at så mange ikkje brukte stemmeretten til?