Kuttar i sosialhjelpa om borna jobbar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kuttar sosial- hjelpa viss borna jobbar

Barneombod Reidar Hjermann reagerer sterkt på at foreldre får kutt i sosialhjelpa dersom barna deira har ekstrajobb.

– Det er veldig alvorleg at ein brukar dei mest utsette barnefamiliane til å finansiere ein dårleg kommuneøkonomi, seier barneombod Reidar Hjermann til Aftenposten.

Utbreidd praksis
Aftenposten skreiv søndag at 36 prosent av kommunane i Noreg kuttar i sosialhjelpa til familien dersom barna sjølve tener pengar.

– Eg skvatt då eg leste Aftenposten i dag. Dette reagerer me sterkt på, særleg fordi departementet vart gjort merksame på problemet for lenge sidan. Dette er dei same tala me leste om for fem og eit halvt år sidan, seier han.

I 2006 sendte barneombodet eit brev til Arbeids- og inkluderingsdepartementet, der dei skarpt kritiserte praksisen med å kutte i sosialhjelpa dersom barna får utdanningsstipend eller tener eigne pengar.

Inga endring
I bakgrunnsmaterialet frå 2006 kjem det fram at tre av ti kommunar kuttar sosialhjelpa dersom barna tener pengar. I dag er tala like høge.

– Me har snakka med barn frå familiar med låg inntekt. Dei fortel om opplevinga av å ikkje kunne ta del i samfunnet på lik linje med andre fordi veldig mykje av fritidsaktivitetane i dagleglivet kostar pengar, seier Hjermann.

Han meiner at når inntektene til barna fører til trekk i stønaden, betyr det at ein ventar at barna skal bidra til den økonomiske drifta av familien.

– Og det er ikkje barna sitt ansvar, slår barneombodet fast. (©NPK)

Kva synst du om at foreldre får kutta i sosialhjelpa om borna tener pengar?