SV ser ut til å bli ein av valkampens store taparar. No veit vi kvifor.

mm

Vi kan i dag avsløre at fleire sentrale SV-politikarar var ute på bar og drakk noko som kan ha vore alkohol berre dagar før valkampen starta.

Det var etter eit vellykka intervju i lokalavisa i Grullefjord at SV-arane gjekk ut for å feire. SVs toppkandidat i Grullefjord svarte ganske godt for seg og kom mykje betre ut av intervjuet om sjukeheimsplassar enn motkandidaten frå Demokratene, som ikkje møtte opp til intervjuet fordi han hadde tatt feil av datoen.

Etter denne suksessen gjekk fleire SV-politikarar ut for å feire triumfen på bygdas einaste serveringsplass, Grullefjord Kebabdisko & Dansepub. Fleire vitne har stadfesta at dei såg SV-arane på Grullefjord Kebabdisco & Dansepub. Mange stamgjester la spesielt merke til SV-arane fordi dette skal vere den første gongen i historia at nokon har bestilt raudvin på Grullefjord Kebabdisco & Dansepub.

Grullefjord Kebabdisco & Dansepub, som berre blir kalla Grulla på folkemunne, er som regel godt besøkt på fredagar, og slik var det også denne fredagskvelden fire dagar før valkampen starta for alvor.

Augevitna gir litt ulike versjonar av kva som faktisk skjedde på Grulla denne kvelden.

Ein av stamgjestene seier han trur at SVs lokale førstekandidat velta eit bord. Men stamgjesten understrekar også at han var såpass full at det kan ha vore noko anna han såg. Ein elg, for eksempel. Stamgjesten ser heller ikkje vekk frå at det kan ha vore han sjølv som velta bordet.

Nokre gjester hevdar SV-arane blei der til klokka fem og at ein av dei avslutta kvelden med å klatre opp på bardisken, ta av seg på overkroppen og invitere alle gjestene til nachspiel på hotellrommet hans.

Denne historia verkar lite truverdig, sidan Grulla stenger klokka tre og det ikkje finst hotell i kommunen.

Det er heller ikkje heilt sikkert at det var raudvin SV-arane drakk. Gjestene seier berre at det var noko raudt. Det kan altså ha vore saft.

Så det er uklart kva dei drakk, kor mange dei var, korleis dei oppførte seg og kor lenge dei blei. Men at det var SV-arar på denne baren, berre fire dagar før valkampen starta, det er udiskutabelt. Og det får mange til å reagere kraftig.

Spesielt er reaksjonane sterke frå ein del SV-politikarar som ikkje har komme seg opp og fram i partiet og som sjølv synest dei hadde fortent viktigare posisjonar i partiet etter all den innsatsen dei har lagt ned i alle år.

Fleire av desse kallar oppførselen på Grulla uakseptabel, useriøs, trist og uprofesjonell.

– Dette viser at partileiinga ikkje har kontroll og ikkje tek oppgåva si alvorlig, seier ein av dei.

Frå sentralt hald heiter det at partiet alltid har praktisert fridom under ansvar under valkampane, og har hatt gode erfaringar med det, men at fridom under ansvar naturligvis ikkje betyr at det er greitt å drikke noko som kan ha vore alkohol, eller saft, berre fire dagar før ein viktig valkamp. Leiinga vil no undersøke saka og få fakta på bordet.

Også i andre parti ristar ein oppgitt på hovudet.

– Dette ville aldri skjedd hos oss, seier for eksempel ein halvkjent AP-politikar som tok telefonen mistenkelig fort. Og ho får støtte frå andre politikarar som tek telefonen mistenkelig fort.

I sekstisju meiningsmålingar tatt opp sidan eg begynte å skrive denne artikkelen, går det fram at nesten ingen kjem til å stemme på SV. Det er vanskelig å sjå dette som noko anna enn eit direkte resultat av Grulla-skandalen.

Alle dei politiske kommentatorane seier i kor at dette er alvorlig, men dei understreker også at vi ikkje veit korleis det går i valet før etter valet.

Etter all denne kritikken innrømmer no partieiinga at barbesøket kan vere ei forklaring på valkampnederlaget. Fleire vanligvis ganske rabiate SV-politikarar har verka tamme og tafatte i denne valkampen. Dei fleste i partileiinga er samde om at barbesøket på Grulla er ei mykje meir sannsynlig forklaring på den svake innsatsen enn at folk ikkje vil ha politikken til SV.

SV har gjort fleire taktiske omdisponeringar den siste tida i håp om å redde valkampen. Mellom anna har dei skaffa seg buss, snakka om FrP og fått Hans Olav Lahlum til å skrive ei novelle.

Om ikkje noko av dette hjelp, vurderer partiet å bytte ut Kristin Halvorsen og sette inn John Carew i staden.

Denne kommentaren stod først på trykk i Aftenposten 10. september.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31
ANNONSE