Slik gjekk det i valet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

09.09: I Aust-Agder har to av tre stemt mot samanslåing med Vest-Agder. Størst motstand i Arendal, klart fleirtal for samanslåing i Lillesand, ifølgje agderposten.no.

09.05: Fleire folkerøystar i går. Enno uvisst om øya Ombo i Ryfylke går frå Finnøy til Hjelmeland. Innbyggjarane på øya er mest interessert i overflytting til Hjelmeland, ifølgje Strandbuen.

08.54: Åshild Kjelsnes (Ap) blir fylkesordførar for Sogn og Fjordane etter avtale med Sp i natt, ifølgje Sogn Avis.

08.48: I verdas sterkaste Ap-bastion, Årdal, får Ap 74,7 prosent av røystene, ifølgje Sogn Avis. TILBAKE 2,7 prosent.

08.34: Slengarar har rista listene i Sjåk. Laurits Ørjasæter (18) frå Senterpartiet blir fast kommunestyremedlem denne perioden, ifølgje Fjuken.

07.55: Miljøpartiet Dei Grøne får eit mandat i bystyra i Bergen og Oslo, og to i Trondheim.

07.45: 99,5 prosent av røystene talt opp. Resultatet ser slik ut:

Ap: 31,7 %
SV: 4 %
R: 1,5 %
Sp: 6,8 %
KrF: 5,6 %
V: 6,2 %
H: 28 %
FrP: 11,5
Andre: 4,8 %

00.10: Her finn du dei siste opptellingane i valet!

00.02: Ap mest fram i Stavanger, med sju prosent, men Høgre framleis størst. Kommunen er den største med forsøksordning med stemmerett for 16- og 17-åringar.

23.59: I Austevoll, som har stemmerett for 16- og 17-åringar, går FrP fram, og ser ut til å få 47,1 prosent av røystene. Over fjorden, i Os, ser det ut til at Terje Søviknes (FrP) går tilbake med 7 prosent. Ap og H fram.

23.55: Ap ser ut til å mista makta i Tromsø, ifølgje NRK.

23.53: Mange av kommunane med prøveordning med stemmerett for 16- og 17-åringar opplever stor auke i valdeltakinga; Tysfjord, Grimstad og Vågå.

23.47: Fedje ser ut til å ha størst valdeltaking av alle i Noreg – 86,4 prosent stemte her. Dette er 7,3 prosent fleire enn sist lokalval. Berlevåg og Kvitsøy på plassane bak.

23.42: I Bømlo går ordførarpartiet Høgre tilbake 6,6 prosent og FrP 6,5 prosent, medan AP går fram 10,8 prosent og nystarta De Kristne får 6,6 prosent.

23.36: 50,3 prosent av røystene til fylkestingsvala er talt opp. Høgre fram 7,4 prosent, samanlikna med fire år sidan. FrP tilbake 7,1 %. Ap fram 2,7.

23.26: Visste du at verdas nordlegaste lokalval, i Longyearbyen lokalstyre, er først om fire veker?

23.15: Ingen av kommunane med e-val har valresultatet klart. Ikkje eingong førehandsrøystene er telt opp.

23.01: Ap kraftig tilbake i Eid og Lærdal. Sjukehusstriden påvirkar. I Eid ser det ut til at Venstre blir valvinnaren, medan H, SV og V går fram i Lærdal. Sp største parti i Lærdal.

22.29: Det går mot brakval for Venstre i Granvin. 28,2 prosent fram etter at Ap la ned lista si her. Høgre fram 9,5 prosentpoeng.

22.22: Her kan du følgja alle resultata så raskt som dei kjem inn!

22.17: Alle stemmene i Vågå er opptelt, som den første av dei 20 kommunane med stemmerett for 16-åringar. Ap, som fekk sitt nest sterkaste resultat i Noreg sist lokalval, gjekk tilbake med 11,7 prosent og enda på 58,3 prosent. Bygdelista mest fram. Les artiklar frå Vågå: Vil laga den beste skulen i landet, – Eg har vorte eit betre menneske, Kardememommekommunen og Oppdrag: Demokratiagent.

22.15: Leiaren i SV, Kristin Halvorsen, seier ho vil trekkja seg til våren. Les meir på ABC Nyheter!

22.10: Landets tredje yngste førstekandidat på ei fylkestingsliste, Per Magnus Finnanger Sandsmark (V), er inne i Østfold fylkesting når førehandsrøystene er opptelt. Les intervju med han her!

21.57: Rømskog er den første kommunen med alle stemme telt. Ap-ordføraren held truleg på klubba.

21.54: Framtida.no-skribent og kommunestyrekandidat i Kvinnherad, Peder Sjo Slettebø, ligg an til nær 40 prosent av røystene i valkrinsen sin.

21.49: Alle stemmene opptalt i Utsira. Landets einaste reine ungdomsliste, Ungdomslista, fekk 20,3 prosent av røystene. Felleslista resten av stemmene.

21.37: Kristin Halvorsen møtt med jubel på valvaka til SV i Oslo. Prognosar varierer mellom 4,9 og 5,1 prosent for partiet.

21.29: FrP kan gå på kjempesmell i Sogndal. 8,1 prosent tilbake når førehandsrøystene er opptelt, ifølgje Sogn Avis.

21.19: Prognose viser at det manglar eitt mandat på byrådsskifte i Oslo, melder NRK.

21.01: NRK legg fram første prognosen til SSB: Høgre mest fram, FrP mest tilbake. Prognosen for Høgre 27,3 prosent, FrP 13 prosent, ifølgje NRK:

Ap: 33,2 (+2,3)
H: 25,3 (+6,5)
Frp: 13 (-5,5)
Sp: 7,4 (-0,4)
KrF: 5,7 (-1,5)
V: 5,5 (0)
SV: 5,1 (-1,4)
R: 1,8 (-0,2)

21.00: Der stengte alle vallokala i Noreg. Me ventar i spenning på dei første resultata.

20.58: Ikkje ei einaste SV-liste i vallokala i Nordbygdo på Stord, oppdaga tidlegare leiar i Noregs Mållag, Hege Myklebust. Feilen blei retta raskt, ifølgje sunnhordland.no.

20.46: Har du spørsmål, er det berre til å senda dei inn i kommentarfeltet under!

20.45: Berre 15 minutt igjen til alle vallokala stengjer. Nokre stader er det allereie stengte vallokale.


Faktaboks

LES ALT OM VALKAMPEN OG LOKALVALET HER!

Følg kommentarane på Twitter: