– Wunderbaumane forsvann raskt

På standen til FpU får veljarane meir enn vallovnader.

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Wunder- baumane forsvann raskt

– Vil du ha med deg ein lighter eller nokre drops?, spør Robin Bårdsen (21).

Fylkesformannen for FpU i Vest Agder har nemleg meir enn politikk å freiste potensielle veljarar med. Som ein av fleire ungdomspolitikarar står han i vrimleområdet på Tangen vidaregåande skule i Kristiansand og prøver å lokke til seg framtidige veljarar med både politikk og partieffektar.

Det mest populære partiproduktet har han allereie gått tom for – ein Wunderbaum med FpU-logo.

– Dei forsvann veldig fort, flirer Bårdsen.

Plombeprotestar
Pennar, drops og andre effektar dreg mange elevar til partistandane, men politikken er også viktig for dei som kjem bort til standen med nyfikne spørsmål. Sjølv om valet i haust er eit kommuneval, er det likevel ikkje lokale saker som får mest merksemd.

– Når vi står på stand på skular er ungdommane overraskande lite opptekne av lokalpolitikk. Det går meir i innvandring, vegar, bompengar, skattar og avgifter, fortel Bårdsen.

Og ei sak er ein gjengangar.

– Det er svært mange som vil ha vekk plomben på mopeden sin. Den vil vi i FpU også fjerne, enkelt og greitt. Når mopedane går sakte skaper det trafikkfarlege situasjonar når vi har så dårlege vegar som vi har, seier han, og held fram:

– Folk kan bli frista til å ta unødvendige sjansar ved forbikøyring. Sånne saker betyr mykje for ungdom som får ein gjeng med tutande bilar bak seg, seier Bårdsen.

LES MEIR: Mopedistar henta frå skuletime

Likar å påverke
Robin Bårdsen har vore med på mange valtorg dei siste vekene, og synest det er fint å få vere ute blant potensielle veljarar.

– Men eg likar betre debatt enn stand, for då får eg ut bodskapen til alle. På stand er du meir avhengig av at folk tek initiativ til å kome bort til deg.

I tillegg til å vere fylkeslagsleiar, sit Bårdsen også i bystyret i Mandal. Han håpar at valet på måndag vil gi han ein ny periode som lokalpolitikar.

– I dag har Framstegspartiet i Mandal 11 plassar i bystyret. Eg står på 9. plass på lista, så eg håpar eg kjem med. Det er fint å kunne vere med å påverke kva retning kommunen skal styrast i.

LES MEIR: – Fleire unge bør stilla til val