Utfordrar kommunane på bibliotek

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Krev leseplan i kvar kommune

Bibliotekforeininga er uroa for at så mange slit med å lesa.

Tal frå OECD viser at så mange som opp mot ein million menneske slit med å lesa her i landet, skriv foreininga i ei pressemelding. Dei meiner det viser at lesing ikkje berre er eit personleg problem, men eit samfunnsproblem.

For å snu den negative utviklinga meiner foreininga at kommunane må ha ein plan for lesing allereie frå barna går i barnehagen.

Skulen er likevel det viktigaste for å læra barn å lesa, slår foreininga fast. Dei minner om kor viktig det er med eit godt skulebibliotek med god bemanning.

Kommunane blir også oppmoda om å rusta opp lokale folkebibliotek slik at dei kan nå ut også til folk som ikkje oppsøkjer biblioteket. (©NPK)

Kva bør kommunane gjera for å få feire til å nytta seg av bibliotektet?