Politikarar slår eit slag for dei unge

Stein Olav Romslo (18) vil auke dei unge sin medverknad i politikken. Han vil gjere valtorga på skulane til fast ordning.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag var det skuleval på dei vidaregåande skulane. I år skjedde det utan den tradisjonelle skuledebatten.

Få har sakna ordninga. I eit lesarinnlegg i torsdagens Hallingdølen tek Stein Olav Romslo (V) frå Ål til orde for at valtorget kan erstatte debatten.

«Eg fekk i alle høve meir utbytte av valtorget enn skuledebatten me hadde for to år sidan», skriv han og spør om ikkje valtorget like gjerne kan ta over.

Romslo oppmodar elles veljarane om å stemme fram dei unge.

LES OGSÅ: Vervar fleire tusen på valtorg

Av 585 listekandidatar i Hallingdal er 42 av dei 25 år eller yngre. Det er knapt 7 prosent av alle kandidatane. Få av dei står i posisjon til å kome inn i noko kommunestyre.

Dei partia med flest unge er Arbeiderpartiet og Høgre.

Dei har ni kandidatar under 25 år. Det lokallaget med flest unge er partilaget til Romslo, Ål Venstre. Dei har fem som er fødd i 1987 eller seinare.

1992 ser ut til å vere ein god årgang for politisk liv i Hallingdal. Dei er det flest av blant kandidatane under 25 år. Ungdommane fordeler seg jamt utover alle parti og alle hallingdalskommunane.

Frp har berre rekruttert éin kandidat i aldersgruppa, og KrF har berre to.

Ål har klart flest unge på sine partilister.

15 kandidatar er etter denne definisjon unge. I lesarinnlegget oppmodar Romslo veljarar om å stemme inn desse, uavhengig av partifarge.

LES SAKA I HALLINGDØLEN!