– Kan spara 29 milliardar på effektiv drift

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette viser ein ny analyse.

Berre innan pleie- og omsorgssektoren ville norske kommunepolitikarar ha fått over tolv milliardar kroner meir å rutte med (rundt 15.000 sjukeheimsplassar) viss dei mest effektive kommunane fekk setje standarden, skriv Aftenposten.

Tala er sett saman av professor Lars-Erik Borge ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim. Reknestykka er basert på ein rapport om effektiviteten i norske kommunar som regjeringa fekk utarbeidt tidlegare i år.

– Tala viser at det er store skilnader frå kommune til kommune når det gjeld kor mange liggjedøgn på ein sjukeheim eller grunnskolepoeng kvar kommune får ut av kvar krone, seier Borge.

I berre halvparten av kommunane får formannskapet eller kommunestyret jamlege rapportar om effektivitetsutviklinga i kommunen.

Høgre-leiar Erna Solberg meiner 29 milliardar er eit oppsiktsvekkjande høgt tal, mens leiaren av finanskomiteen på Stortinget, Torgeir Micaelsen (Ap), meiner dette er viktige tal.

– Dei er ein klar indikator på at vi, både i staten og i kommunane, enno har mykje å lære av kvarandre for å gjere ting smartare i offentleg sektor, seier han. (©NPK)

Kvar meiner du det er mest å spara i kommunane?