Sjå Bergen anno 1350!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Byantikvaren i Bergen har i samarbeid med Riksantikvaren og Arkikon AS utarbeida ein digital rekonstruksjon som viser Bergen i mellomalderen, nærare bestemt rundt 1350 – året etter Svartedauden kom til Bergen.

Filmen viser strukturen til byen og utforminga til bygningane basert på kjende kjelder, utgravingsresultat og kjend byggjeskikk. Det har særleg vore fokusert på steinbygningene som i dag anten er sterkt bygd om, rive eller framstår som ruinar. Steinbygga i filmen er plassert nøyaktig der ruinane eller mellomalderbygga er i dag, utifrå korleis landskapet såg ut den gongen. Fleire av steinbygga er rekonstruert for første gongen.

Sjå video under!

Les meir på Byantikvaren sine sider og på bt.no!