Her er hybelfellene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er hybel- fellene

Bustadmarknaden er trong. I ein pressa marknad er det lettare å gå med på ugunstige eller regelrett ulovlege leigeforhold. I år har det på fleire nettsider òg figurert hybelannonser som er videreføringar av dei klassiske «Nigeriabreva». Kunden blir freista lurt til å leige eller kjøpe annonser som ikkje finst. Jushjelpa i Trondheim bistår både studentar og andre med rådgjeving og informasjon i husleigessaker. Dagleg leiar Vegar Dalen fortel at det er tre ting ein alltid må forsikre seg om som student på leigemarknaden.

– Sørg for å ha skriftleg kontrakt. Opprett depositumskonto i bank, i leigetakars namn. I tillegg kan det vere lurt å fotografere leilegheita før ein flyttar inn, for å dokumentere at eventuelle skadar har oppstått før leigeforholdet påløp.

Leiaren i Jushjelpa er klar på der det blir synda mest.

– Ulovlege depositumskontoer. Dersom depositum er innbetalt i strid med husleigeloven og direkte til utleigar kan leigetaker få store vanskar med å få pengane tilbake, seier han.

6000 kronar kontant i depositum
På Finn.no tek det ikkje lang tid å finne annonser med kriterium som ikkje oppfyller krava i husleigelova. Ein annonse lagt ut for hybelen til ein tolv kvadratmeter krev til dømes 6000 kroner i depositum, kontant. Dalen feller ein klar dom over annonsa:

– Å krevje depositum kontant er i strid med reglane i husleigelova. Depositum skal stå på ein særskild konto i leigetakars namn, og skiping av slik konto skal betalast av utleigar.

Utleigar Quang Tran forsvarar seg med praktiske omsyn og at alt er skriftleg underteikna konfrontert med innhaldet i annonsa.

– Når nokre mister ein nøkkel må eg trekkje tusen kroner for å få skifta låsen. Eg må trekkje viss det er snakk om vasking og misting av nøklar, og eg har ikkje pengar til å leggje ut for dei.

Kva synest leietakarane dine om dette?

– Dei synest det er greitt. Dei er nøgd med ordninga. Alt er skriftleg, eg tenkjer på tryggleiken til dei som bur der og alt går tilbake til dei.

Uinformert om reglane
Ein av leigetakerene, Huong Thi, gir utrykk for at ho føler seg trygg på kontraktsforholdet. At kontrakten i realiteten er ulovleg kjem likevel som ein overrasking.

– Eg har leigd i snart eitt og eit halvt år og er nøgd med leigeavtalen.

Men ikkje ein konto du kontrollerer?

– Nei, det trur eg ikkje. Det veit ikkje eg så mykje om. Alle andre har fått depositum tilbake.

Er du klar over at det er ulovleg etter husleigelova?

– Nei.

Dagleg leiar Vegar Dalen i Jushjelpa åtvarar likevel mot å gå med på ei skriftleg avtale med samtykke frå begge partar ein hevdar ein er nøgt med, så lenge depositumssituasjonen ikkje etterfølgjer husleigelova.

– Ikkje berre risikerer ein at kravet på å få dei tilbake eldest etter tre år, men sjølv om ein krev pengane tilbake før det har gått tre år kan det bli ein lang prosess med å først få rettskraftig avgjerd og seinare eventuelt utbetalt utlegg. Sjølv då risikerer ein å ikkje få pengane, til dømes viss utleigar er konkurs eller er registrert som eit Norsk utanlands foretak.

LES SAKA I UNDER DUSKEN (PÅ BOKMÅL)!