Kunsten å vere vaksen

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste aviser med respekt for seg sjølve, og fleire av Oslo-avisene, har faste spalter der dei ringer opp kjendisar som er aktuelle med noko, og stiller dei spørsmål om noko heilt anna enn det dei er aktuelle med.

I desse spaltene får alle dei same standardspørsmåla: Kven vil du helst sitte fast i heisen med? Kven eller kva vil du ha med deg på ei øde øy? Kva er du mest fornøgd med ved deg sjølv? Kva liker du best, by eller land? Fugl eller fisk? Øl eller vin? Kva er ditt favorittord? Din favorittrestaurant? Din favorittkroppsdel? Kva gjer du når du slappar heilt av?

Dette kan kanskje verke som lette spørsmål for folk som aldri har vore kjendisar sjølve.

Men det er ikkje det. På ingen måte. Det er så mange feller å gå i. Du kan svare for fikst og festlig. Då framstår du som ei klyse. Du kan legge altfor mykje vekt på å svare originalt. Då framstår du som sær. Eller du kan svare det same som alle andre svarer: Barna, familien, turar i skog og mark, kald kvitvin om sommaren på hytta, Obama, Mandela. Då framstår du som alle andre.

Det er derfor mange kjendisar fryktar desse spaltene. Mange kjendisar som er aktuelle med noko, er livredde for å svare feil, dumt, uoriginalt, klysete eller sært. Mange kjendisar som er aktuelle med noko, er så redde for desse spørsmåla at dei ikkje går ut. Dei snakkar ikkje med nokon. Dei tar ikkje telefonen. Mange kjendisar er så livredde for desse spørsmåla at dei lar vere å vere aktuelle med noko.

Sjølv har eg no, etter alle desse åra, i det minste funne svaret på eitt av desse standardspørsmåla. I ei av desse spaltene, i ei eller anna avis (sannsynligvis ei av Oslo-avisene, eller ei avis med respekt for seg sjølv), går eitt av spørsmåla noko slikt som dette:

Når forstod du at du var vaksen?

Det kan eg svare på no. Denne veka blei eg minna om det. Eg forstod at eg var vaksen for ti år sidan då Haakon og Mette-Marit gifta seg og eg følgde bryllaupet med uironisk glede.

Før dette var eg som dei fleste av oss er før vi blir vaksne: Bråkjekk. Skråsikker. Stor i kjeften. Rar på håret.

Og eg meinte naturligvis at kongehuset og monarkiet var merkelige greier.

Og det er det jo, utvilsomt. Derfor både lo og fnyste eg av dei kongelige, ofte og gjerne.

Men det som så skjedde for litt over ti år sidan, var at andre folk begynte å kritisere dei kongelige. Vaksne folk. Alvorlige folk. Av heilt feil grunnar. Då kronprinsen kunngjorde at han hadde tenkt å gifte seg med ei åleinemor, så rykte dei ut, monarkiekspertar og hoffreporterar, og meinte at dette er starten på slutten for monarkiet, for ein kronprins kan ikkje berre gifte seg med kven som helst. Det strir mot sjølve grunntanken i monarkiet, som er at landets neste konge berre kan gifte seg med ei jomfru som han er i slekt med.

Og plutselig var det ikkje så tøft å vere stor kjeften mot dei kongelige meir. Plutselig var du då på lag med folk som ikkje liker åleinemødrer. Og folk som meiner at det beste for samfunnet er om vår øverstkommanderande berre ligg med folk han er i slekt med.

Og det går jo ikkje. Derfor var det umulig å gjere noko anna enn å heie på Haakon og Mette-Marit. Så det gjorde eg. Samtidig meiner eg jo framleis at monarkiet er merkelige greier. Men det er nettopp slik det er å bli vaksen. Ein blir mindre skråsikker. Ein blir mindre stor i kjeften. Ein klarer å meine fleire ting samtidig. Og ein sluttar å vere så rar på håret.

Det kan vere slitsamt å meine fleire ting samtidig, ein blir lett svimmel av det og må legge seg nedpå litt, men slik er det å bli vaksen.

Men eg veit framleis ikkje kva eg vil ha med meg til ei øde øy.