- Å skrive er som å gå på skattejakt, meiner forfattardebutant Kristina Leganger Iversen.

– Eg drøymde at eg heldt boka mi i handa. Då blei eg så glad at eg vakna, smiler Kristina Leganger Iversen.  

I haust blir draumen til røyndom. Kristina gir ut si fyrste bok på Samlaget, diktsamlinga «Hjartemekanikk». Men 22-åringen klarer ikkje heilt å tru at dikta hennar faktisk er blitt til ei ekte bok, før ho får sjå og ta på boka som kjem ut i slutten av september.

Og medan ho ventar på å få ta på si eiga diktsamling, har Kristina hendene fulle med studiar i litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo, samtidig som ho er redaktør av litteraturtidsskriftet Lasso og sit i bladstyret til Mål og Makt.

Ho har også sin eigen skriveblogg der ho legg ut nokre av dikta sine.

– Eg trur dikt står sterkare i dag enn tidlegare At mange brukar bloggar til å legge ut dikt og andre lyriske kortformer trur eg kan vere ein grunn til at dikt er blitt meir populært.

– Sjølv begynte eg å skrive på eit hiphopforum med berre gutar, fortel ho.

Skildrar det vanskelege
Den ferske forfattaren trur mange kan synest det er vanskeleg å forstå dikt, men har sjølv som mål å få fram undring med dikta sine, ikkje forvirring.

– Noko av grunnen til at eg skriv nettopp dikt og ikkje prosa, er at dikt kan få fram kjenslene i situasjonar som er vanskeleg å skildre med ei vanleg forteljing, fortel ho.

Dikta i «Hjartemekanikk»er samanvevne rundt ei historie om eit par som skal reise ut til øyene utanfor Oslo, men på vegen dit blir dei påkøyrd. Jenta overlever, men guten døyr, avslører Kristina.

Sjølv om alle dikta kan lesast som enkeltdikt, er ho oppteken av at dikta i boka også skal fortelje ei samla historie.

– Eg trur mange synest dikt kan vere vanskeleg å forstå, men når ein kan sette dei inn i ei historie blir det lettare.

LES MEIR: Her er favorittboka di

Uforståeleg fint
Då Kristina Leganger Iversen viste mor si nokon av dei fyrste dikta sine, var reaksjonen: – Det var veldig fint – men eg forstår det ikkje.

Ho håpar likevel at dikta hennar kan gi folk noko sjølv om dei ikkje nødvendigvis forstår alt kva ho har meint.

– Å lese dikt er som å bu i eit hus, folk treng ikkje alltid å forstå kva arkitekten har tenkt, men kan likevel trivast i huset. Så innreier dei og pussar opp på sin eigen måte. Slik er det med dikt også, når folk les puttar dei inn sine eigne erfaringar.

Viktig norsklærar
Diktdebutanten frå Åsane utanfor Bergen er ikkje heilt sikker på kvifor ho skriv.

– Eg har tenkt mykje på det – men har ikkje funne ut av det. Men eg trur at dersom eg hadde visst det så hadde eg slutta å skrive, seier ho ettertenksamt.

Kristina byrja å skrive då ho var 12 år, og litt seinare fekk ho ein norsklærar som fekk henne til å forstå at å skrive godt er noko som ein kan lære seg til gjennom å jobbe vidare med det ein skriv.

LES MEIR: Spør ein forfattar!

– Det er ikkje berre som eit lynnedslag som slår ned og så blir det perfekt. Når du skriv går du på skattejakt, du finn historier om menneske du ikkje kjenner. Og då er det klart at det kan vere utfordrande å få folk til å forstå det du har laga i fantasien din.

Ting tek tid
«Hjartemekanikk» blir gitt ut på nynorskforlaget Samlaget, men Kristina Leganger Iversen har ikkje alltid vore på lag med Ivar Aasen. Ho bytta til nynorsk  i 2. klasse på vidaregåande, og innrømmer at det nokre gonger har vore utfordrande.

– Ein kan få kjeft frå enkelte i nynorskmiljøet dersom dei meiner ein ikkje er flink nok.

Det stoppar likevel ikkje Kristina, som allereie er igang med eit nytt diktmanus. Ho påpeikar at unge ikkje må vere redde for å gjere som henne og sende inn det dei skriv til forlag.

– Då eg var yngre hadde eg ein fast plan om når eg burde gi ut mi fyrste bok, men no har eg innsett at planar ikkje er så viktig. Då er det viktigare å gi ting tid, slappe av og kose seg med det ein gjer. Ein skal ikkje vere redd for at ein ikkje kan få til noko fordi ein er ung.
 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE