Stort potensial i Stavanger – Bergen-tog

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stort potensial i Stavanger – Bergen- tog

Lyntog mellom storbyane på Vestlandet vil samle regionen og auke konkurranseevna overfor Oslo og Akershus, konkluderer Multiconsult i rapporten, som er laga på oppdrag for Bergen næringsråd og Business Region Bergen.

Reisetida kan komme ned i éin time med stoppestader på Stord og i Haugesund, skriv Stavanger Aftenblad.

Stort befolkningsgrunnlag
I rapporten blir det lagt til grunn at befolkningstalet og passasjergrunnlaget er godt nok for eit togsamband mellom dei to byane. Det er ein annan konklusjon enn den det regjeringsoppnemnde utvalet som skal greie ut om potensialet for høgfartstog i Noreg, så langt har trekt.

Toglinja er i rapporten prissett til 65 milliardar kroner. Det kan ho vere verdt, meiner kommunikasjonsansvarleg Atle Kvamme i Bergen næringsråd.

– Prisen er ikkje så viktig i denne samanhengen. Det viktigaste er å få Vegvesenet til å ta eit framtidig tog med i reknestykket når dei no legg til rette for ein kyststamveg, seier Kvamme til Stavanger Aftenblad.

Eitt bu- og arbeidsområde
Kvamme peikar på at jernbanen ville knyte regionen tettare saman som eitt bu- og arbeidsområde.

– Knyter vi dette området tettare saman, har vi éin million menneske. Det er meir enn i Oslo-gryta. Det kommande intercity-triangelet som blir planlagt der borte, vil knyte saman 1,6 millionar menneske. Vi kan bli ein like sterk konsentrasjon, seier Kvamme. (©NPK)

Er det ein god idé å byggja jernbane på Vestlandet?