Velkommen til 4. divisjon

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Namna på årets «Skal vi danse»-deltakarar er offentliggjorte, og om det ikkje akkurat er eit teikn til håp, så er det i alle fall eit teikn på at ting vender tilbake til det normale, og at ein igjen kan tillate seg å fnise av ting som yrkestitlane til årets dansarar: X-factor-deltakar. Hollywoodfrue.

Eg har dessutan brukt store deler av den siste veka på eit heimekontor der eg har jobba sakte med lyden frå ein festival i det halvfjerne. Det er også ganske fint.

Og ikkje minst: Denne helga begynner valkampen.

Ein kan seie mykje rart om valkampar, og fuglane skal vite at det har eg då også gjort, men det er og blir noko imponerande over kommunevalkampar og lokalpolitikk.

Også denne gongen blir det prøvd ut nye metodar for å få fleire til å stemme og engasjere seg. I nokre kommunar kan sekstenåringar stemme. Og i nokre kommunar kan ein stemme på nettet. Som alle andre forsøk på valendringar, fører også desse til at fleire kan stemme og at det blir enklare å stemme. Slikt er det berre å venne seg til. Snart får femtenåringar stemme, og ein gong i framtida vil vi sjå tilbake og le så vi ristar av at vi dreiv og stod i kø i gymsalar og samfunnshus når vi skulle stemme i gamle dagar.

Sjølvsagt vil det alltid vere nokon som er kritiske til endringar i måten vi stemmer på, som meiner bruk av ny teknologi tek høgtida ut av stemminga, og at det berre er eit spørsmål om tid før nokon foreslår å innføre «Skal vi danse»-modellen i norske val, der representantar blir stemte ut etter kvart kommunestyremøte.

Men det er noko fint over å alltid prøve å få fleire til å engasjere seg. Og – og det er dette eg eigentlig skal fram til: Det er faktisk mange som engasjerer seg. Trass alt.

Ifølgje nettsida til Statistisk sentralbyrå, som eg naturligvis er innom fleire gonger daglig, er det 10.952 kommunestyrerepresentantar i Norge. Det er ærlig talt ganske mange. Og ganske mange av dei imponerer.

For det å sitte i kommunestyre er ikkje som å drive rikspolitikk.

La gå: I fleire av byane våre liknar lokalpolitikken ein del på rikspolitikken, og nokre av dei som engasjerer seg i lokalpolitikken håper på eit opprykk til rikspolitikken etter kvart.

Men for veldig mange er det å sitte i kommunestyret litt som å spele fotball i fjerdedivisjon. Du bruker di eiga fritid til det, i tillegg til den eigentlige jobben din som lærar eller butikkmedarbeidar eller vaktmester. Det er mange kjedelige kampar og unødvendige tap. Publikumsinteressen er sterkt varierande, men alle har meiningar om innsatsen din og du får kjeft på bygda når det går dårlig. Til gjengjeld får du ein dose kameratskap og samarbeid, nokre givande kampar og ein og annan overraskande siger. Og på spesielt gode dagar, som etter ein heiderlig 0-0-kamp mot andrelaget til ein Adeccoliga-klubb, eller ein storkamp mot naboklubben, eller etter at jentelaget du trener gjer det bra i Norway Cup, då har du kanskje ei ørlita kjensle av å ha bidratt til noko som folk sett pris på i lokalmiljøet.

Og du veit at laget ditt kanskje kan klare å rykke opp dersom absolutt alt klaffar ein sesong, men at de sannsynligvis kjem til å rykke rett ned att neste år.

Ein skal ikkje dra denne samanlikninga for langt, naturligvis. Det er også mykje ved fjerdedivisjonsfotball som ikkje liknar på lokalpolitikk. Fellesdusjing er for eksempel så vidt eg veit heller uvanlig etter kommunestyremøte. Sjølv om det heilt sikkert ville gjort noko med samarbeidsklimaet i kommunen.

Eg har ikkje sutte i mange kommunestyre i livet mitt. Ingen, faktisk, så her uttaler eg med på ekstremt sviktande grunnlag, som vanlig. Men eg har sutte i eit par fotballgarderobar, og eg har også ei kjensle av at humoren er litt ulik her og i kommunestyret.

Men eg står fast ved at det er noko imponerande over mange av dei som vil sitte i kommunestyret. Og fotballspelarar i fjerdedivisjon.

Derfor synest eg du skal gi vedkommande eit anerkjennande nikk dersom du møter nokon som står på stand dei neste vekene. Og så skal du sjølvsagt gi vedkommande skulda for alt som er gale og spørje kva ho har tenkt å gjere med det.

Og så får vi heller vurdere dette med fellesdusjing ved eit seinare høve. Ein må alltid vere villig til å tenke nytt og kreativt for å auke engasjementet for lokalpolitikken.

Denne artikkelen stod først på trykk i Aftenposten 20. august.