Sjekk verdas største vaffel!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Guinness-rekorden blei godkjent med politirepresentant til stades då Joar Mortveit i dag steikte ein vaffel med ein diameter på 98 cm i det gigantiske vaffeljernet som har ein diameter på 100 cm.

Rekordforsøket blei gjennomført på ein speidarleir på Karmøy der Mortveit sjølv deltar.

Platearbeidaren frå Skjold har tenkt ein del på å laga eit slikt vaffeljern, og resultatet blei vellykka.

Øvre og nedre steikedel veg omlag 100 kilo kvar, og totalvekta for vaffeljernet er rundt 250 kilo. Lokket blir heva og senka med hydraulisk pumpe, og jernet roterer med ein elektrisk 12 volts motor. Jernet blir oppvarma ved hjelp av fleire propanbluss både over og under stålplatene.

For kvar vaffel går det med omlag 10 liter røre. Steiketida er på 20 minutt, og i dag fekk nærmare 300 personar smaka på rekordvaffelen.

LES SAKA I GRANNAR.NO!