Vrakar slagordet «Heller død enn rød»
Unge Høgre kastar tidlegare valkampmateriale med påskrifta «Heller død enn rød».


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Pamflettar, jakkemerke og T-skjorter med ordlyden «Heller død enn rød» skal no fjernast frå alle Unge Høgre-kontor i landet, skriv bt.no.
Materialet blei laga i 2005 og seinast brukt i valkampen i 2009.
– I nokre lokale ligg det framleis eksemplar av dette materialet, og det skal sjølvsagt fjernast no. Dette blei teke opp på landsstyremøtet til Unge Høgre, seier Henrik Asheim, leiar i Unge Høgre.
Han seier kampanjen var meint som ein uskuldig spøk då han blei laga, men strekar under at Unge Høgre ønskjer å gå bort frå denne type retorikk.
– Det er ein før og etter 22. juli, seier Asheim. (©NPK)