Rekordlåge dødstal i trafikken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekordlåge dødstal i trafikken

Det viser førebelse tal frå utrykkingspolitiet (UP). Dei er nøgd med 30 prosent nedgang i trafikkdødsfalla i høgrisikomånadene.

– Held denne utviklinga fram resten av året, kan 2011 bli det første året sidan tidleg på 1950-talet der talet omkomne på norske vegar kjem under 200 personar, seier UP-sjef Runar Karlsen.

Politiet har registrert fleire, men mindre alvorlege, brot på fartsgrensene i sommar. Talet på personar som har mista førarkortet er 1.480, ein reduksjon på rundt 20 prosent.

LES MEIR OM TRAFIKKTRYGGLEIK!

– Perioden er for kort til å dra sikre konklusjonar om årsak til utviklinga med færre førarkortbeslag, men vi kan berre håpe at vi her kan sjå starten på ei haldningsendring, kommenterer Karlsen.

I haust vil UP halde fram å alkoteste alle bilførarar dei kontrollerer. (©NPK)