If God had an iPod, I would be on his playlist

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Produsenten
Kanye Omari West vart fødd i Atlanta, USA, i 1977. Då han var tre år, skilde foreldra seg, og Kanye flytta med mora til Chicago. I motsetning til mange amerikanske rapparar voks han opp i ein middelklasseheim; faren var journalist og mora engelskprofessor. Etter pensjonsalder heldt mora fram i arbeidslivet, som Kanye sin manager. Sjølv var han ein stjerne-elev, og søkte seg inn på college – men droppa ut for å konsentrere seg om musikken.

Dei første skritt i hiphop-miljøet tok Kanye West tidleg på 90-talet, saman med GLC og Really Doe i rappgruppa GO GETTERS. Det var likevel som produsent og beatmakar han først vart lagd merke til. Som 19-åring produserte han åtte songar på debutalbumet til Chicago-rapparen Grav. Men først i 2000 fekk han det store gjennombrotet, som produsent for artistane på Roc-a-Fella Records. Jay-Z sitt kritikarroste album The Blueprint (2001) bar preg av Wests produksjon, det same gjorde tidlege 2000-talslåtar frå Nas, Mos Def og Ludacris. Men på denne tida begynte Kanye sjølv å bli svolten på ein rapp-karriere.

Albumsuksess x 3
The College Dropout (2004) var tittelen på Kanye West sitt første soloalbum som rappar. Det kom ut på Roc-a-Fella Records og inneheldt gjesteartistar som Jay-Z, Jamie Foxx og Kanye sin gamle kompis, GLC. Albumet vart populært både blant kritikarar og publikum. Det definerte stilen som skulle bli rådande for Wests tre første utgjevingar; mykje sampling og ordspel.

LES SISTE MUSIKK-NYTT HER!

Eitt og eit halvt år etter debuten kom andrealbumet, der West samarbeidde med filmkomponisten Jon Brion. Late Registration (2005) gjekk til topps på Billboard 200 og vart av mange musikkblad kåra til årets album. Songen Gold Digger vart ein stor hit. Same år laga MTV eit program om West, der han brukte mykje av tida på å snakke imot homofobien som finst i amerikansk hiphop.

Wests tredje album Graduation kom ut hausten 2007. I likheit med dei to førre var det ein stor kritikarsuksess og også ein kommersiell suksess. West vart nominert til fem VMA-prisar, men vann ingen – derimot vann han fire av dei åtte Grammy-prisane han vart nominert til. På Grammy-showet opptredde han også med songen Hey Mama, ein hyllest til mora som nettopp var død.

Nye vegar
Våren og sommaren 2008 turnerte Kanye i USA. Han gjekk også attende til jobben som motespaltist i bladet Complex. Den hausten var han likevel klar med nytt album. 808s & Heartbreak gjekk i ei ny retning; her rappar han ikkje mykje, men syng ved hjelp av autotune. Som vanleg vart albumet både rost og kjøpt – sjølv om det selde litt mindre enn forgjengaren.

I 2009 opptredde West fleire gonger i samband med Barack Obama sin valkamp og seinare siger i det amerikanske presidentvalet. Han vart også kåra til ein av dei stiligast kledde mennene i USA av magasinet GQ. Dette var småtteri på vegen mot det store året 2010.

My Beautiful Dark Twisted Fantasy (2010) står som Wests mest stormannsgalne og roste prosjekt så langt. R'n'b-prinsessa Rihanna, indieartisten Bon Iver og løva Nicki Minaj er blant gjesteartistane. I 2011 kjem Watch The Throne, eit samarbeidsalbum mellom West og Jay-Z.

Henta frå Norsk Barneblad

Sjå nokre av videoane til Kanye West her: