Autofest med musikalske sprang

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laurdag kveld gjekk ein frå elektronika, langeleikspel, pop, underhaldande trekkspel og fiolinspel til meir hardbarka indierock og countryrock på den nedlagde bensinstasjonen i Bøgrend. Fredag kveld var 350 publikummarar innanfor dørene på det vesle festivalområdet i Bøgrend. Den populære visesongaren Stein Torleif Bjella spelte då for ein fullstappa vaskehall og sa dette om autofesten:

– Viss eg nokon gong skal spele i helsetrøye, skal det vere på ein nedlagt bensinstasjon.

Musikalske sprang
Laurdag kveld opna festivalen med underhaldning og bingospel frå sjølvaste Bingokongen, før konsertane tok til. Elektronika/pop duoen «Ontz» opna kvelden, før det blei eit musikalsk sprang til ein duo i ein heilt annan sjanger. «Sudan Dudan» består av Marit Karlberg og Anders E.

Røine og brukar mellom anna langeleik i den tradisjonsrike folkemusikken sin. Dei musikalske spranga fortsette resten av kvelden, og popmusikkens representant var songaren omtalt som Mjøsas nye stjerne, Frida Ånnevik. På Bøgrend Autofest kan du risikere å høyre artistar før dei blir stjerner. Dette kan vere seg tilfelle med unge Frida Ånnevik. Med gode tekstar og ei spesiell særeigen stemme imponerte ho publikum og skrudde stemninga eit par hakk opp. Hamar-jenta som syng på dialekt kjem ein garantert til å høre mykje om i framtida, og autofestpublikummet kan skryte av å ha sett ho før ho nådde stjernehimmelen.

Sprø og humoristisk musikk
Den nemnte stemninga i bensinstasjonslokala nådde nye høgder då Stian Carstensen, Ola Kvernberg og Ole Morten Vågan i gruppa «Gammalgrass» overtok scena. Med trekkspel, fiolin og ikkje minst humoristiske tekstar og anekdotar fekk dei med seg publikum frå fyrste stund.

Latteren trilla blant dei mange frammøtte og atmosfæren var ingenting anna enn god. Stian Carstensen brukte mellom anna heimstaden Eidsvold i mange av historiene og bygdeskrønene han serverte festivalfolket.

Mørket senka seg etter kvart i Bøgrend og det gamle bensinstasjonskiltet blei tent. Musikken blei også litt hardare og tyngre, då indierockarane frå Bodø tok til å spele. Dei tri vokalistane i Kråkesølv rocka verkeleg frå seg, og fekk etter kvart publikum bokstavleg talt til å slå ut håret.

– Viss de har langt hår er de nøydd til å bruke det i denne songen, oppfordra vokalist og gitarist Petter Waldemar Nohr Unstad.

LES SISTE MUSIKK-NYTT HER!

Kristiansundsbandet El Cuero fortsette i litt av den same gata, og kallar seg sjølv for landevegsrockarar. Bandet har fått strålande kritikkar på sitt nyaste album «From mountains to sand» og det verka ikkje som publikum gav noko dårlegare respons.

Vil ikkje bli større
Festivalarrangør Asgaut Bakken kunne ikkje seie seg anna enn fornøgd då historias andre utgåve av Bøgrend Autofest var unnagjord.

– Me er veldig fornøgde, det meste gjekk etter planen, artistane leverte strålande konsertar og me hadde ikkje noko bråk, fortel Bakken.

Han kan fortelje at publikumstalet auka frå 350 på fredagskvelden til 400 laurdag, noko dei er godt fornøgde med.

– Denne festivalen skal vere litt eksklusiv, og me har ikkje noko planar om å gjere den større. I år har me utvida festivalområde så mykje som det er mogleg, og har også tiltrekt oss ein del fleire tilskodarar. Men no er taket nådd. Bøgrend Autofest skal vere ein intim og liten festival, slår medarrangør Eivind Kaasin frå Dalen fast.

Arrangørane fortel at dei er svært bevisste på kva slags band dei bookar til autofesten.

– Me vil ikkje at festivalen skal vere sjangerbestemt, og hentar bevisst inn veldig forskjellige artistar. Uttrykka skal vere ulike og folk skal merke overgangane mellom konsertane. På Bøgrend Autofest skal ein høyre musikk ein ikkje visste ein lika på ein plass ein ikkje visste ville trivst, seier Kaasin om festivalens «motto».

LES SAKA I VTB.NO!