Det nye nettsamfunnet til Google veks fortare enn nokon annan nykommar har gjort.

NPK-NTB-Reuters-AFP
NPK-NTB-Reuters-AFP

Nettsamfunnet Google+ vart lansert i slutten av juni, og 24. juli nådde det 25 millionar brukarar, ifølgje tal frå com Score. Til samanlikning tok det 37 månader før Facebook hadde eit tilsvarande tal brukarar, medan det tok 33 månader for Twitter og 22 månader for MySpace.
Google+ veks no med om lag éin million brukarar kvar dag.

TA TESTEN: Er du avhengig av Facebook?

Det står likevel att å sjå om Google+ vil kunne konkurrere med Facebook, som i dag har meir enn 750 millionar brukarar. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE