Utfordrande ramadan i lyse sommarnetter

Muslimar verda over skal fasta så lenge sola er oppe.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje lett med ramadan i lyse norden

– Fleire imamar og organisasjonar har ulike meiningar, seier talsmann Omar Mustafa for Islamiska forbundet i Sverige.

– Det er opp til kvart individ å ta stilling. Det er jo ikkje meininga at ein skal faste døgnet rundt, og islam tilbyr mange alternativ, seier han.

Tålmod og underkasting
Måndag starta den heilage muslimske månaden verda over, og truande muslimar skal no avstå frå mat og drikke mellom soloppgang og solnedgang. Timane med dagslys skal brukast til å reflektere over tålmod, andelegheit og underkasting for Allah, ifølgje tradisjonen.

Tidspunktet ramadan fell på kvart år varierer ettersom den islamske kalenderen ikkje fell saman med solåret. For muslimar i nordeuropeiske land inneber det dermed visse utfordringar å overhalde føresegnene når det er tid for ramadan midt på lyse sommaren.

Det er no rundt 30 år sidan ramadan sist inntrefte på høgsommaren.

– Inntil vidare følgjer vi sola. Men kvart år startar ramadan elleve dagar tidlegare enn året før, forklarer han. Om eit par år vil fasta kome når sommarnatta er på sitt lysaste.

Ingen fasit
Spørsmålet er allereie tatt opp til diskusjon i European council for fatwa and research, der europeiske imamar samlast, ifølgje Mustafa.

– Det går føre seg diskusjonar i Europa om korleis ein saman skal kome fram til ei løysing, seier Mustafa, men så langt finst det ingen fasit. (©NPK)

Faktaboks

Les meir om Ramadan på Wikipedia (nynorsk) og engelsk Wikipedia!