Fleire av dei drepne var kandidatar til valet
Fleire av dei sakna og drepne etter terrorangrepa stod på val i kommune- og fylkestingsvalet til hausten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Situasjonen reiser fleire problemstillingar, seier statssekretær i Kommunal og regionaldepartementet, Anne Beathe Tvinnereim.
Ho seier at det blir opp til valstyra å avgjere om dei ønskjer å trykkje nye lister eller bruke listene som allereie er trykt opp, skriv Nationen.no.
– I dette spørsmålet vil eg oppfordre valstyra til å ha kontakt med både partia og dei pårørande for å finne den beste løysinga. Kanskje nokon vil ønske å heidre den drepne ved å la namnet stå, seier Tvinnereim.
Vanleg prosedyre dersom ein kandidat dør før eit val, er ifølgje vallova at namnet til vedkommande ikkje blir teke med i betraktning ved valoppgjeret. Partiet vil få stemma si, men ein eventuell personstemme vil falle bort.
LES OGSÅ: – Gi ekstra stemme til ungdom
Etter terrorangrepet på Utøya er det reist spørsmål om det er muleg å erstatte kandidatar som no er døde med andre ungdommar.
– Dagens vallov setter likevel ein stoppar for å nominere fleire kandidatar til valet i haust, seier Tvinnereim. (©NPK)