– Vi er eit folk i sorg

Biskop Ole Christian Kvarme då han innleidde minnegudstenesta i Oslo Domkirke.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På første rad under gudstenesta sat kong Harald, dronning Sonja, prinsesse Märtha Louise og Ari Behn, statsminister Jens Stoltenberg, stortingspresident Dag Terje Andersen og AUF-leiar Eskil Pedersen.

Kyrkja var fylt med statsrådar og resten av det politiske Noreg, diplomatar og mange sørgjande. Kyrkja vart tidleg så full at hundrevis av menneske som ville delta ikkje fekk plass, men vart ståande ute på den blomster- og lysdekka plassen utanfor Domkirken.

Sorg og håp
Gudstenesta søndag, som hadde fått namnet «Messe for sorg og håp», vart innleidd av biskopen som siterte Nordahl Grieg: «Vi er så få her i landet, kvar fallen er bror og venn».

– Fredag 22. juli 2011 vart vår lange fredag. Eit heilt folk har mista søstrer, brør, familiemedlemmer og venner. Samstundes er det håp og trøst, sa Kvarme.

– I går vart plassen framfor Domkirken forvandla til eit blomsterhav med tende lys. Vi blir omgitt av omtanke og bøn av folk i mange land. Vi søkjer trøst i fellesskap med kvarandre.

Statsminister Jens Stoltenberg sa at landet er ramma av den største ugjerninga sidan krigen. Kvar og ein av dei som er gått bort er ein tragedie. Til saman utgjer tapet ei nasjonal tragedie.

Verda føler med dykk
– Eg kjende fleire. Ei av dei jobba i rundt 20 år på Utøya. For mange av oss var ho Utøya. No er ho død. Skoten og drepen medan ho skapte omsorg og tryggleik for ungdom frå heile landet, sa statsministeren under sin minnetale.

Han fortalde også om leiaren av AUF i Hordaland, Tore Eikeland, som skal vere ein av dei som vart drepen.

– Lat meg seie til familiar over heile landet som har mista ein av sine kjære: De har mi og heile Noreg si djupaste medkjensle i sorga. Ikkje berre det. Heile verda føler med dykk, sa Stoltenberg. (©NPK)