Valkamp innstilt til midten av august

Dei politiske partia er vorte samde om å stoppe valkampen til midten av august. Fram til då skal partia i solidaritet med Arbeidarpartiet respektere sorgperioden.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Partisekretærane i dei sju partia på Stortinget, og i partiet Raudt, møttest måndag for å bli samde om retningslinjer for lokalvalkampen.

Partisekretærane går inn for at skulevala skal gå som planlagt, men at ungdomsorganisasjonane skal avstå frå tradisjonelle skuledebattar.

– AUF er sett ut av spel. Mange kandidatar er enten borte eller sterkt traumatisert. Difor gjev vi ungdomsorganisasjonane dette rådet. Men vi skal ikkje avlyse skulevala. Bruken av stemmeretten er kjernen i demokratiet, seier sekretær Raymond Johansen i Arbeidarpartiet. (©NPK)