Tippeligaen er målet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tippe- ligaen er målet

Victor Erdal frå Vikebygd, Tina Engelsgjerd, Runar Johansen, Simen Moe Strømø og Oskar og Sindre Kringlebotten frå Etne er alle klare for å setje sine føter inn i det elegante nybygget til HTG i Haugesund. Dei skal alle gå på fotballinja ved den vidaregåande skulen. Ifølgje toppidrettsgymnaset får dei følgje av åtte andre frå vårt distrikt.

— Det skal bli utruleg kjekt å endelig komme i gang, fortel Simen.

Ifølgje faren, Ole Strømø, så har Simen snakka om å byrje på fotballskule så lenge han kan hugse. Dei fem andre er like positive.

— Eg gledar meg til å spela fotball kvar einaste dag, det er livet mitt, seier Sindre, som haltar rundt på ein vond fot om dagen.

Dei andre nikkar samtykkande. Tina, Oskar, Runar og Victor ankar ikkje på om dei kjem til bli lei av å spele dagleg.

— Aldri i verda, smilar dei.

Djerv-gutar
Dei fem gutane har nylig fullført ei økt på den nydelige kunstgrasbane i Etne med fotballaget sitt, Djerv 1919. Gjengen frå Etne har spelt der ei stund, medan Victor byrja nyleg. Dei er samde om at det er ein fordel.

— Me blir jo kjende med mange som skal gå i klassen vår til hausten og veit allereie at me kjem ut i eit miljø me trivs i, forklarer Runar Johansen, som også har fått seg kjærast i Haugesund.

Victor er einig med lagkameraten.

— Heilt klart ein fordel, så det blir svært kjekt å byrja, fortel vikebuen.

Tina spelar framleis i Etne, men Oskar lovar å ta vare på ho.

— Du kan berre følgje etter oss du, ertar han, medan ho himlar med augo.

Prioriterer skule
Den store skrekken for foreldre når ungar flyttar vekk som 16-åring er at dei får bestemme sjølv om dei vil gjere lekser eller ikkje. Simen fjernar all tvil og roar ned foreldra.

— Sjølvsagt kjem me til å prioritere skulen. Det blir først trening, så lekser før me endeleg kan slappe av om kveldane. Eg trur faktisk me kjem til å gjere meir skule nå enn tidlegare år, seier han sjølvsikkert.

Dei andre er ikkje like skråsikre på sjølvdisiplinen, men er klar på at skulearbeid må gjerast om ein liker det eller ikkje.

— Det er viktig med god innsats på skulen og det er me klar over, fortel Oskar.

Godt representert
Som nemnd er det 14 ungdommar frå kommunane Etne og Vindafjord som skal byrja på HTG til hausten. Dei får selskap frå ni andre som, ifølgje HTG sine elevlister, allereie går på skule der. Tidligare er det mange frå distriktet som har både gått og lukkast på toppidrettsgymnaset. Landslagsspelar Håvard Nordtveit frå Vats og etnebuen Lars Øvernes, som har spelt tippeligafotball, er blant desse.

— Målet er heilt klart tippeligaen og spel for FKH, uttaler gutane kontant.

Tina er litt meir forsiktig med ambisjonane sine.

— Eg går der ikkje fordi eg meinar eg er eit kjempetalent, men eg håpar jo eg kan blir betre, seier hu audmjukt.

Trass forskjellige mål og ambisjonar er dei alle samde om ein ting; dei neste tre åra blir fantastiske.

LES HEILE SAKA I GRANNAR