Skei Grande mest ivrig på talarstolen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse snakkar mest

Der finn vi Ketil Solvik-Olsen med innlegg, replikkar og spørsmål som totalt tikka inn på 3 timar og 40 minutt, viser Klassekampens oversikt. Statsrådane er ikkje med i oversikta, og den vidare lista har naturleg nok derfor flest opposisjonspolitikarar.

Kjell Ingolf Ropstad (KrF), Harald T. Nesvik (Frp), Laila Dåvøy (KrF), Bent Høie (H), Per Olaf Lundteigen (Sp) og Borghild Tenden (V) har alle frå 3 til 3,5 times taletid våren 2011.

– Dette viser at dei som har stemt på meg, får mykje igjen for stemma si. Trass i at vi berre er to representantar på Stortinget, står Venstre på for dei sakene vi brenn for. Det er ein lang Venstre-tradisjon for å ta debattemne i stortingssalen, der dei høyrer heime, framfor i korridoren, seier partileiar Trine Skei-Grande.

Ketil Solvik-Olsen meiner også han gir FrPs 60.000 veljarar i Rogaland valuta for stemmene. Han påpeiker også at det er naturleg at Venstre tronar øvst, sidan dei har færre innvalde å fordele debattemna på. Men Solvik-Olsen toppa nyleg Kapitals oversikt over kven som oftast stiller forslag.

QUIZ: KVA VEIT DU OM LOKALDEMOKRATIET?