Torstein Bugge Høverstad har funne opp omtrent 4 000 nye norske ord etter å ha omsett alle Harry Potter-bøkene til norsk.

– Det er muleg det er så mange som 4 000, eg hugsar ikkje heilt, seier Bugge Høverstad til NRK.no. Omsetjaren har gjennom mange år og tusenvis av sider funne norske namn på magiske vesen og trylleforumlar frå Galtvort høgare skule for hekseri og trolldom. Og alt har skjedd på svært kort tid.

Medan det normalt tar omlag 3 månader å omsetje ei bok, måtte Bugge Høverstad jobbe døgnet rundt i 1-2 månader for å bli ferdig med kvar Harry Potter-bok. Den norske fansen venta ivrig, og bøkene var reine mursteinane, seier han.

Torstein Bugge Høverstad har tidlegare fått Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur sin litterære pris for omsetjinga av dei sju første bøkene om Harry, Hermione og Ron.

Eller Harry, Hermine og Ronny, som dei heiter i dei norske bøkene.

Bugge Høverstad er nemleg ein av dei få omsetjarane som også har gitt karakterane norske namn. Rollefigurane har namn som passar personlegdommen deira, og då bør namnet omsetjast til det lokale språket, meiner han. Han har også tidlegare sagt at "rumpeldunk" er favoritt-ordet hans. "Rumpeldunk" er det norske ordet for ballspelet "quiddish".

Natt til onsdag 13. juli er det premiere på del 2 av den siste Harry Potter-filmen, og namn og uttrykk som Bugge Høverstad har omsett i bøkene blir også brukt i filmane. Den siste filmen har fått den norske tittelen "Harry Potter og dødstalismanene".

Sjå filmklipp her:

SKAL DU SJÅ DEN SISTE HARRY POTTER-FILMEN?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE