Kven styrer når Jens har ferie?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Svaret er at ein norsk statsminister eller statsråd på ferie eller reise knapt nok er utan kontakt med kontoret sitt og det andre regjeringsapparatet.

Statsministeren treng dermed ikkje vikar på same måte som tidlegare.

Likevel er det heilt klare retningsliner for kven som gjer kva. Og spørsmål som «kven styrer landet no?» og «kven er fungerande statsminister?» eller «kven vikarierer for kven i regjeringa» er enkle å finne svaret på.

Om statsministeren er på mobiltelefon eller e-post det meste av tida, kan han ikkje vera til stades støtt. Dei svært korte tidsromma der eit anna medlem av regjeringa likevel utfører nokre av oppgåvene til statsministeren, er når ein annan leier regjeringskonferansar eller sit ved høgre sida til kongen når det er Statsråd på Slottet.

Nokre få timar i veka
Regjeringskonferansar og statsrådsmøte utgjer i gjennomsnitt ikkje meir enn 6–7 timar i veka, går det fram av ei orientering frå Statsministerens kontor.

Når statsministeren og statsrådane no snart er i gang med sommarferiane sine, er det ikkje planlagt statsrådsmøte og regjeringskonferansar før i første veka i august.

Statsministeren kan også i kontaktast i sommarferien om det er nødvendig. Om det skulle bli behov for regjeringskonferanse og/eller statsrådsmøte i ferien, vil statsministeren og andre regjeringsmedlemmer bli tilkalla.

Rangordninga
Kven som fungerer i rolla til regjeringa om han er borte, er bestemt av rangordninga i regjeringa. I den noverande regjeringa har partileiarane Kristin Halvorsen og Liv Signe Navarsete rang etter statsministeren.

Den vidare rekkjefølgja er utanriksminister Jonas Gahr Støre og statsrådane Grete Faremo, Sigbjørn Johnsen, Trond Giske, Magnhild Meltveit Kleppa, Anne-Grete Strøm-Erichsen, Erik Solheim, Knut Storberget, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, Tora Aasland, Anniken Huitfeldt, Lars Peder Brekk, Rigmor Aasrud, Hanne Bjurstrøm, Lisbeth Berg-Hansen, Audun Lysbakken og Ola Borten Moe.

Statsråd-avløysarar
Det finst også ei uformell ordning mellom statsrådane der dei fungerer for kvarandre.

Dette er også først og fremst for å dekkje opp dei få timane i veka når det er regjeringskonferansar og statsrådsmøte.

Den fungerande statsråden kan ikkje ta avgjerder av betydning i departementet til kollegaen. Då må det i tilfelle liggje føre fullmakt som er gitt ved kongeleg resolusjon om settestatsråd i kvar enkelt sak.

I regjeringa Stoltenberg II er desse statsrådane no faste avløysarar for kvarandre: Halvorsen – Aasland, Navarsete – Kleppa, Støre – Solheim, Faremo – Storberget, Johnsen – Strøm-Erichsen, Giske – Berg-Hansen, Solheim – Støre (utviklingssaker) og Lysbakken (miljøsaker), Brekk – Borten Moe, Huitfeldt – Aasrud, Aasrud – Bjurstrøm (fornyingssaker) og Giske (kyrkjesaker), Lysbakken – Halvorsen.

For leiinga i Utanriksdepartementet er det ved kongeleg resolusjon gitt eigne fullmakter.

Den daglege politiske leiinga i eit departement der statsråden er på reise eller ferie, er det statssekretæren som står for. Statssekretæren har normalt fullmakt til å ta avgjerd på vegner av statsråden. (©NPK)