Sarah Louise Rung (21) frå Madla svømmeklubb tok søndag gull i 50 meter butterfly for kvinner under EM i svømming for funksjonshemma i Berlin.

mm

Same dag tok også Mariann Vestbøstad Marthinsen (27) frå Fitjar  sølv på 100 meter rygg.

Meir enn 440 svømmarar frå 36 land deltek i EM, noko som gjer meisterskapen til den største EM som nokon gong er arrangert, melder nettstaden svømming.no. Noreg stiller med ein tropp på 5 svømmarar. EM i Berlin pågår heilt til søndag.

LES MEIR OM VEBØSTAD MARTHINSEN I SUNNHORDLAND.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31
ANNONSE