– Om berre tre dagar reiser me til Tyrkia i 14 dagar, jippi. Slike kommentarar og mange andre ferieplanar kan du lesa om dine vener på Facebook. Problemet er berre at det ikkje berre er dei som kan lesa det.

Avisa Hordaland / Frode Rene
Avisa Hordaland / Frode Rene

Me deler stadig meir informasjon via det sosiale media og mange av oss er ukritiske i høve til kven som kan lesa det me deler og kva det kan brukast til.

Høgsesong for innbrotstjuvar

Sommaren er høgsesong for innbrotstjuvar. Ved å gje opp på Twitter eller Facebook kva tid, kvar og kor lenge du er på ferie, er nærast som å invitera innbrotstjuvane heim til deg. I utlandet er det fleire tilfelle der folk har hatt innbrot, direkte knytt opp mot informasjon som er lagd ut gjennom dei sosiale media.

Ikkje avslør deg sjølv

Fleire lastar også ned applikasjonar som Facebook og Twitter på mobilen for å dela bilete og meldingar frå kvardagen. Dette er ikkje noko ein bør gjera i ferien, i alle høve om du har skrudd på geotagging, som automatisk merkar mediefilene dine med kvar du held deg. I praksis betyr det at bileta dine fortel meir enn tusen ord.

– Det er enkelt for ein med ureint mjøl i posen å søkja opp personar som til dømes har skrive «reiser på ferie» på Twitter, og så leita fram huset til vedkomande på google maps, seier informasjonsrådgjevar i Tryg forsikring, Roald Stigum Olsen.

Hugseliste før ferien

– Slå av funksjonane i dine apps som gjev opp kvar du er

– Ikkje legg ut bilete eller videoar på internett med geotagging medan du er på ferie

– Dersom du skal dela bilete, send MMS

– Kjøp heller eit postkort og skriv nokre hyggelege ord til dine næraste

– Vil du skryta av ferien, gjer det etter at du er komen heim

LES HEILE SAKA I AVISA HORDALAND

Kva trur du, er det så farleg å gjere ferieplanane kjende på Facebook? Del tankane dine med oss i kommentarfeltet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE